Eidslandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sett frå Eidsland kapell

Eidslandet (òg kalla berre Eidsland) er ei bygd i Vaksdal kommune i Hordaland fylke. Staden utgjer dei nedre delane av dalen Eksingadalen, og ligg inst i Eidsfjorden, ein fjordarm av Indre Osterfjorden. Bygda femner fyrst og fremst om gardane Eide, Myster, Leiro (fråflytt), Brørvik (fråflytt), Eikefet og Eikemo. Høvik og Vetlejord lengre oppe i Eksingadalen kan i visse samanhengar òg reknast som ein del av Eidslandsbygda (t.d. gjennom Eidsland Grendalag og Eidsland skulekrins). Hesjedalen høyrde før vegens dagar til tidlegare Eidsfjord skulekrins. I dag høyrer Hesjedalen til bygda Stamnes.

På Eidslandet bur det i dag om lag 120 menneskje. Her finn ein butikk med kafé, grendahus, skytebane, Fjord Angora, Modalen og Eksingedalen billag og Eidsland kapell. BKK har eit vasskraftverk på Eidslandet; Myster kraftverk. Tidlegare var det både barnehage og barneskule (nedlagd frå hausen 2009) på Eidslandet. I dag går elevane i Eidsland skulekrins på skule i nabokommunen Modalen. Elva Ekso/Storelvi, som er rik på laks, sjø- og fjellaure, renn gjennom Eksingadalen, og har utlaup i Eidsfjorden ved Eidslandet.

Tidlegare var her fleire møbelfabrikkar. Den eldste av dei var A/S Eidsfjord Møbelfabrikk, som etter at brua over elva vart bygd i 1911 vart flytt frå Myster til Eidsøyra. To mindre møbelfabrikkar vart grunnlagde 1947. Det var Elvestrand Trevarefabrikk og Friborg Møbelfabrikk. Fram til om lag 2005 har det vore teke ut store mengder sand i Eidslandsbygda, hovudsakleg frå Eide, men òg frå Myster, Eikemo og Eikefet.

På Eidsøyra vart det på slutten av 1800-talet laga gravplass for alle gardane i Eidsfjorden, Leiro, Eikefet og Eikemo. Seinare vart det teke opp arbeid for å få reist eit kapell i samband med gravplassen. Ynsket om kapell og bedehus i bygda resulterte til slutt i eit korbedehus, fullt kyrkjeleg utstyrt. Det vart teke i bruk i 1924, og vigsla året etter. Seinare er det bygd på eit sakresti med kjøkken, toalett, kontor og eit romsleg loft. Her på loftet skulle barnelaget Liljekonvallen halda hus, men dette vart lagd ned midt på 90-talet før rommet vart ferdigstilt.

I dag er bygda kanskje mest kjend for den særmerkte vegen langs Eidsfjorden med Høgabergtunnelen som eit av høgdepunkta. Den er Nord-Europas lengste handslegne vegtunnel, om lag 660 meter lang.[1] Denne vegen er ein del av Fv569.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • eidsland.info
  • Om gardar i Eidslandet:
    • Eide ved Vaksdal Historielag sin wiki
    • Myster ved Vaksdal Historielag sin wiki