Einar Kringlen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Kringlen
Fødd6. juni 1931
NasjonalitetNoreg
Yrkepsykiater, professor
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Einar Kringlen (fødd 6. juni 1931) er ein norsk professor i psykiatri. Han er fødd i Høyanger og busett i Oslo. Han vart cand. med. i 1958 og dr. med i 1967. Kringlen var professor i klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen 1969-1971 og professor i medisinsk åtferdsfag 1967-1983. I tida 1984-2001 var han professor i psykiatri ved Universitetet i Oslo og administrativ overlege ved Psykiatrisk klinikk, Vindern i Oslo.

Kringlen har utført omfattande tvillingstudiar og epidemiologiske undersøkingar av utbreiinga av psykiske lidingar i befolkninga. Han har mellom anna blitt kjend for utspelet om at krisepsykologi ikkje hjelp og at krisepsykologar sjeldan klarar å hjelpe mennesker ved hjelp av rutinemessige debrifingar.[1]

Han har vore aktiv i debattane om samfunns- og helseforhold i Norge og om Midtausten-konflikten. Kringlen var den første leiaren i Norske leger mot atomvåpen i 1981.

Kringlen er ein internasjonal kjend forskar.

Han er riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden (1998).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Referanser[endre | endre wikiteksten]

  1. «Krisepsykologi hjelper ikke», artikkel frå nettstaden forskning.no

Eksterne lenker[endre | endre wikiteksten]