Einar Lea

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Lea
Fødd 11. mars 1887
Død

9. juni 1969

Yrke biolog

Einar Hagbarth Martin Lea (11. mars 18879. juni 1969) var ein norsk marinbiolog og biometrikar frå Stavanger. Han var særleg kjend for si forsking på sild.

Etter eksamen artium ved Stavanger katedralskole i 1906 studerte Lea både kjemi, zoologi og botanikk ved Universitet i Kristiania. I perioden 1909-17 arbeidde han i fiskeridirektør Johan Hjort si havforskingsgruppe i Bergen. Her oppdaga Lea nye måtar i å fastsette alderen til ein fisk, og viste korleis ein bestand varierer i storleik. Gjennom den såkalla Lea-Dahls-metoden undersøker ein skjella for å fastsette alderen på fisken, medan Lea si metode frå 1929 vert nytta for å bestemme kvar fisken kjem frå.

I 1930 flytta Lea til Oslo og vart Hjort sin assistent ved bio-laboratoriet på Universitetet i Oslo. Her utvikla han måtar i å merke fisk på. I 1944 tok han over sjefsstillinga ved Havforskingsinstituttet i Bergen. Han vart kjend for eit større publikum gjennom foredrag i NRK Radio, til dømes «Foran vintersildfisket».

Han døydde i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]