Einar Li

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Li
Einar Li.jpg
Fødd 20. juni 1880
Bergen
Død

11. februar 1955
Oslo

Yrke redaktør

Einar Li (20. juni 188011. februar 1955) var ein norsk avis- og organisasjonsmann frå Bergen.

Li var fødd i Bergen som sonen til ein oberstløytnant. Sjølv tok han cand.philol.-graden ved universitetet i hovudstaden i 1905. Tidleg var han aktiv i arbeidarrørsla, arbeidde i avisa Social-Demokraten frå 1901 til 1909. I 1906 og -07 vart han to gongar dømd til fengsel for høvesvis militærnekting og antimilitær agitasjon. Sidan var han tilsett i avisa Den 1ste Mai i Stavanger fram til 1916. Han fekk då jobb som kontorsjef i Stavanger kommune. Frå 1919 til 1945 var han direktør i Norges Byforbund. Til sist generalsekretær i Den norske Kurstedsforening til 1950. Begge desse organisasjonane heldt hus i Oslo.

Ved splittinga av Det norske Arbeidarparti i 1921 melde Li seg inn Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti. Ei tid etter at dei to partia gjekk saman att, forlet han det samla Arbeidarpartiet. Han hadde ei mengd tillitsverv, særleg innafor kooperasjonen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]