Einar Tambarskjelve

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Einar Tambarskjelve: «For veik, for veik er kongens boge!» Teikning av Christian Krogh
Bauta i Melhus til minne om Einar Tambarskjelve. Steinen vart reist 17. mai 1900 av ungdomslaget Heimhug
Melhus kommune sitt kommunevåpen syner bogeskyttaren Einar Tambarskjelve

Einar Eindridesson Tambarskjelve (fødd kring 990, død kring 1050) var ein norsk stormann frå Trøndelag. Det meste av opplysningane vi har om han, finn vi i dei norrøne kongesogene, t.d. Fagerskinna[1], i sogene om Olav Tryggvason[2] og Olav den Heilage[3]. Han er òg nemnd i to lausaviser av Harald Hardråde, i den eine[4] ser vi at tilnamnet Tambarskjelve (þambarskelfi) er nytta.

Gimsar og Husabø[endre | endre wikiteksten]

Einar Eindrideson fekk tilnamnet Tambarskjelve som best kan omsetjast til «dirrande bogestreng», og han var rekna for å vere den beste bogeskyttaren i landet. Truleg vaks han opp på storgarden Gimsar i Skaun i Trøndelag og det er mykje som talar for at han seinare budde på herresetet Husabø i Skaun[5], etter at han vart gift med Bergljot, dotter åt Håkon jarl den mektige.

Far til Einar var Eindride Styrkårsson og farfaren var truleg Styrkår Reidarsson frå Gimsan som var med Håkon jarl i Slaget i Hjørungavåg (Jomsvikingslaget). Sonen til Einar heitte òg Eindride og var, etter ei usikker kjelde, gift med Sigrid Erlingsdotter, dotter åt Erling SkjalgssonSola.

Einar Tambarskjelve var ein av leiarane for opposisjonen mot Olav Haraldsson (Olav den heilage) og han var nært knytt til ladejarlane medan dei hadde styringa i Noreg etter år 1000. Då Eirik Håkonsson jarl hausten 1015 reiste til kong Knut den store i England, sette han sonen sin, Håkon Eiriksson jarl, til å styre Noreg saman med Svein Håkonsson jarl. Men Håkon Eiriksson var berre ein unggut på den tida, og Einar Tambarskjelve vart sett til formyndaren hans. Det var truleg om lag på denne tida at Einar var gift med syster til jarlane, Bergljot Håkonsdotter.

Nesjar 1016[endre | endre wikiteksten]

Hausten 1015 kom vikingkongen Olav Haraldsson over havet vest frå England, for å erobre Noreg. Om vinteren samla Svein Håkonsson jarl og Einar Tambarskjelve ein hærstyrke for å verje riket, og ved påsketider i 1016 kom det til eit slag ved ein stad som vart kalla Nesjar. Om dette slaget gjorde Sigvat Skald kvadet Nesjavisur[6]. Der fekk Olav Haraldsson siger og den same våren vart han vald til norsk konge. Einar Tambarskjelve, saman med Svein jarl, reiste då til kong Olov Skötkonung i Sverige. Der skal dei ha lagt planar om å samle folk for å gjere ei ny hærferd mot kong Olav, men Svein jarl døydde stutt tid etter.

Snorre skriv at Einar vart buande i Sverige ei tid, men seks år seinare (i 1022), kom han attende til Noreg og forlikte seg med kong Olav. Snorre fortel òg at han fekk behalde gardane og eigedomane sine og han levde på stormannsvis endå om han ikkje hadde veitsler av kongen.

På ferd utanlands[endre | endre wikiteksten]

Ein gong omkring år 1023 reiste Einar Tambarskjelve til England og vitja Håkon Eiriksson og Eirik Håkonsson, som då var kong Knut sine jarlar i England. Han reiste deretter på pilegrimsferd til Roma, truleg saman med Eirik jarl. Eirik jarl døydde om lag på den tida.

Einar er ikkje nemnd mellom deltakarane i slaget på Stiklestad i 1030, truleg fordi han då var på ei ferd til kong Knut i England.

Magnus den gode[endre | endre wikiteksten]

Svein Knutsson (Alfivason som han vart kalla i Noreg) vart konge i Noreg i 1030 og det ser ut til at Einar Tambarskjelve mislikte sterkt at han, saman med mora Alfiva, fekk styringa med landet. Snorre skriv at Einar var mellom dei første som kom på trua om at kong Olav var heilag, og truleg var det religiøs fanatisme som gjorde at han, saman med Kalv Arnesson, reiste til Gardarike og henta Magnus, sonen til heilagkongen. Medan kong Magnus (den gode) var konge i tida 1035-1047, var Einar Tambarskjelve den fremste rådgjevaren hans, og han stod truleg for det meste av styringa i riket. I 1046 kom Harald Hardråde til Noreg og vart samkonge med Magnus, men berre eit år seinare døydde Magnus, og Harald Hardråde vart einekonge.

Drapa i Nidaros 1050[endre | endre wikiteksten]

Einar Tambarskjelve kom nokså snøgt i opposisjon til kong Harald. Truleg emna han på å avsetje kongen, og kanskje hadde han tankar om at det var hans eigen son Eindride, sonesonen etter Håkon jarl den mektige, som burde styre Noreg. I soga om Harald Hardråde, kap. 43, siterer Snorre eit kvad om dette av Harald Hardråde[7]:

Kjem han ikkje til å kyssa
kvasse økse-munn,
radt han frå meg rike
røvar um liti stund

I 1050 let kong Harald mennene sine drepe både Einar Tambarskjelve og Eindride, sonen hans. Sjølv for hardstyraren kong Harald var desse drapa ei særs brutal og nådelaus handling, og alt tyder på at han var redd for eit opprør og kjende seg truga på livet. Det er ein tradisjon at Einar og Eindride vart gravlagde i Kristkyrkja (Nidarosdomen), ved sidan av Magnus den gode.

Bogen som brast[endre | endre wikiteksten]

Eit av høgdepunkta i norsk, både eldre og særleg i nyare sogeskriving, er Snorre si forteljing om Einar Tambarskjelve som kjempa saman med Olav Tryggvason i slaget ved Svolder[8]. Einar skaut med pil og boge mot Eirik jarl, men før han skulle skyte tredje gongen, vart bogen øydelagd og kong Olav kasta sin boge til han. Snorre sluttar soga med Einar Tambarskjelve sine berømte ord: «For veik, for veik er kongens boge». Snorre si skildring er sjølvsagt forma som ei prosaisk fortjeling, slik det var vanleg i norrøn historieskriving, men her må ein nok sanne at ikkje ein gong sjølve kjernen i hendinga er historisk rett. Det er ikkje ein gong særs truleg at Einar Tambarskjelve i det heile var med i slaget ved Svolder[Note 1].[9]. Når ein tenkjer etter, ser ein at episoden bryt med heilskapen i forteljinga om slaget ved Svolder; slaget stod då ikkje om herredømet over Noreg, det var først når kongen fekk banen sin at konsekvensen vart slik.

Men no kjenner vi òg ei eldre Olav-soge som ein reknar med var ei av Snorre sine kjelder: Ólafs saga hins Helga[10]. Der finn vi skildringa av slaget ved Nesjar palmesøndag 1016, der Svein Håkonsson jarl og Einar Tambarskjelve kjempa mot Olav Haraldsson som var i ferd med å invadere Noreg. Der finn vi òg ei forteljing om Einar som freistar å skyte Olav Haraldsson, om bogen hans som hans brast då han emna på det tredje skotet, og sogeskrivaren har gitt oss denne ordvekslinga:
Då mælte jarlen: «Kva var det Einar, brast bogen din?»
Einar svara: «Ikkje brast bogen, heller heile Noreg or handa di»

Skildringa minner sjølvsagt sterkt om Snorre si forteljing frå slaget ved Svolder. Ein kan ikkje anna enn å innsjå at Snorre har «flytta» både hendinga og Einar Tambarskjelve, og endra på samanhengen slik at Einar Tambarskjelve spela same rolla, medan ved Svolder var det Eirik jarl som var målet for pileskota.

Det er ikkje vandt å sjå grunnen til Snorre si «retting»: orda og hendinga ved Nesjar kastar ein helteglans på Svein jarl; det er han som verjer Noreg mot ein urettmessig angripar. Det kunne sjølvsagt ikkje Snorre gå med på; det måtte vere slik at det var heilag-kongen som åtte landet og ikkje ladejarlen[Note 2] [11]. Ved Svolder[8]. derimot, tykte han at det høvde så mykje betre, der fekk dialogen fram at det var Eirik jarl som gjekk til åtak for å erobre Noreg frå kong Olav Tryggvason, og helteglansen fall på han som Snorre meinte var den rette herskaren over landet: kong Olav. Men så haltar det heile litt og ein må sanne at det var berre ved Nesjar at orda kom til sin rett!

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hallfred Vandrædaskald dikta Erfidrápa (sjå ref.) om Olav Tryggvason, og der nemner han at Olav ikkje fekk med seg så mange hærmenn frå Trøndelag. Ei strofe i vers 1 kan omsetjast slik: Visst eg trur at verst han sakna våpenhjelp av trøndske drenger. Eit anna moment er at Einar må ha blitt særs gamal, omlag 70 år, dersom han skulle ha vore med i slaget ved Svolder. Ein reknar med at i vikingtida vart berre ein av 100 personar over 60 år!
  2. I sogeverket Ågrip (sjå ref.) er nytta formuleringa søkte Svein jarl med herskjold mot landet hans - etter sogeskrivaren si meining det var altså Olav Haraldsson som opphaveleg "åtte" landet!

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Fagrskinna av P.A.Munch og C.R.Unger 1847 (norrøn tekst)
  2. Soga om Olav Tryggvason
  3. Soga om Olav den heilage
  4. Skaldic Project Lausavise av Harald Hardråde
  5. Sjå heftet: Hvor bodde Einar Tambarskjelve? - av Erik Saltnessand (1950)
  6. Skaldic Project Nesjavisur av Sigvat Skald
  7. Skaldic Project Lausavise (nr 7) av Harald Hardråde
  8. 8,0 8,1 Soga um Olav Trygveson (S.Schjött -1900). Slaget ved Svolder, kapittel 99-111
  9. Skaldic Project Første verset av arveddråpa til Olav Tryggvason, av Hallfred Vandrædaskald
  10. Olafs saga hins Helga En kort saga on Kong Olaf den Hellige .... Av Rudolph Keyser 1849 (norrøn tekst) Kapittel 27 (s.20)
  11. Ågrip Slaget ved Nesjar, kapittel 24

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]