Einar Wang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Einar Wang
Fødd 5. november 1855
Død

2. mars 1939

Yrke politikar

Einar Wang (5. november 18552. mars 1939) var ein norsk kjøpmann og politikar frå Våle i Vestfold. Han var stortingsmann for Høgre i åra 1919-21.

Wang var son til ein lærar. Sjølv byrja han å arbeide i ei handelsforretning i Tønsberg i 1871. Etter sju år i forretninga, fekk han i 1878 handelsborgarbrev i Holmestrand og etablerte si eiga forretning. Frå 1884 dreiv han agenturforretning, og frå 1895 også manufakturforretning.

Wang var medlem av Holmestrand bystyre i tida 1896-98 og 1904-16. I åra 1911 til 1916 var han ordførar i byen. Jamsides aktiviteten i bystyret hadde han ei rad offentlege og private verv. Mellom anna var han formann i overskattetakstnemnda og i skulestyret i Holmestrand. Han var formann 1905-10 i Holmestrands Handelsforening og 1916-21 i Holmestrands Sparebank.

Wang møtte fyrste gongen på Stortinget i 1909 frå 12. august, i staden for den valde representanten frå Holmestrand, Rikard Olsen. Ved stortingsvalet 1918 vart Wang vald inn på Stortinget frå einmannskrinsen Brevik og Holmestrand ved stortingsvalet 1918. På tinget var han med i Protokollkomiteen, sekretær til 21. juni 1920, sidan nestformann.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]