Eksistensialisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eksistensialisme er ei filosofisk rørsle som omhandlar individualisme, individuell fridom og subjektivitet. Dette er ei tankeretning som er oppteken av menneskelivet med vekt på ansvar, fridom og val. Eksistensialismen legg vekt på idéen om at eksistens kjem føre essens, dvs. at ein må vere i livet for å kunne skape meining, og at kvart individ difor er belasta med naudsynet av å ta individuelle val.

Rørsla var spesielt populær på midten av 1900-talet, under arbeidet av filosof og forfattar Jean-Paul Sartre, filosof og forfattar Simone de Beauvoir, og andre, inkludert Albert Camus, som skreiv romanar, essay og skodespel. Sartre gjer greie for eksistensialismen sitt primærprinsipp i L'Existentialisme est un humanisme.

Ein annan forgrunnsfigur var Martin Heidegger. Han meinte at verda er slik vi oppfattar ho med sansane og erfaringane våre. Dette er ein fenomenologisk eksistens-filosofi. Mennesket er ifølgje Heidegger produkt av si tid og sitt miljø, og eksistensen ville vore heilt annleis i ei anna tid eller på ein annan plass (faktisitet).

Mange let seg inspirere av Søren Kierkegaard og Friedrich Nietzsche - hos dei fann ein eit språk som kunne skildre det meiningsvakumet som mange følte seg konfrontert med i mellomkrigstida. For eksistensfilosofien har jo nettopp som utgangspunkt at menneskelivet er meiningslaust, at tilværet er utan evige reglar, verdiar og sanningar som den enkelte kunne finne meining i. Denne tomheita stiller mennesket i ein posisjon der det sjølv må ta ansvar for sine eigne val. Difor må mennesket ifølgje eksistensialismen definere sitt eige liv, det må leggje frå seg billege erstatningar som lovar meining og sjelsro og heller sjå det meiningslause og timelege i auget. Berre slik kan mennesket leve eit autentisk og ærleg liv. Dette ifølgje Heidegger, Sartre og Camus for å nemne nokre av dei viktigaste i den eksistensialistiske tradisjonen i denne epoken. Også André Gorz kan nemnast som ein viktig tenkjar innan denne tradisjonen.

Eksistensialismen meiner altså at mennesket skaper sitt eige tilvære, sin eigen eksistens og identitet gjennom val og handlingar. Menneska er da subjekt i eit likesælt, dobbelttydig og absurd univers, der inga meining er gjeven. Meining med tilværet kan berre skapast som følgje av dei val vi gjer. Denne meininga er alltid subjektiv og ofte mellombels og ustabil. Det at det ikkje finst ei gjeven meining med livet, gjer folk redde. Men den einaste måten å overvinne den angsten er ved å velje, for da skaper ein slik meining.

Eksistensialismen tek opp ei rekkje grunnleggjande omgrep som angst, fridom, identitet, ansvar, val og det menneskelege medvitet om både eksistens og død. Alle desse omgrepa er basis for den menneskelege eksistensen, og kan ikkje forklarast ut frå ein naturvitskapleg synsvinkel, eller andre distanserte synsvinklar.

Det handlar om å gjere val, og ta ansvar for dei vala ein gjer. Tilværet kan ikkje forklarast ut frå ein teori eller innordnast i eit system. Tilværet er alltid uavslutta og utan universell meining. Når det ikkje finst noko gjeve mål med livet, blir alle situasjonar valsituasjonar. Erkjenninga av at det ikkje er noka meining med tilværet medfører angst, men ved val og handling kan slik meining skapast for den enkelte. Det er opp til den enkelte å skape sitt liv, å gje sitt liv si meining.

Eksistens kjem før essens, som Sartre uttrykte det. Ingen har ein essens som er definert på førehand, berre den vi sjølve kan skape. Sartre fornektar Guds eksistens, eller andre determinerande prinsipp. Det finst ingenting som avgjer ein person sin karakter på førehand. Sjølv om eit individ meiner at vedkomande har ein essens i form av til dømes ei sjel, eller rasjonalitet eller dei psykologiske trekka ein har, så er den essensen eit resultat av eit val vedkomande sjølv gjer, og ikkje gjeve på førehand.

Alt det som kjem etter eksistensen, dei essensielle eigenskapane, kan ikkje brukast som orsaking for ikkje å ta ansvar for sin eigen eksistens eller sine eigne handlingar. Sartre skreiv at «mennesket er dømt til fridom». Handlingar og val kan ikkje orsakast med essensialisme.

Under Nürnbergprosessen bruka mange av dei tiltalte det argumentet at dei berre følgde ordrar, og derfor ikkje var ansvarlege for handlingane sine. Dette vart avvist, ut frå den eksistensialistiske haldninga at vi alltid er ansvarlege for handlingane våre, og alltid har eit val. Det kan òg vere like gale å la vere å handle, og ein er like ansvarleg for å velje å ikkje handle.

Den moderne eksistensialismen sprang i høg grad ut av den disharmonien, gruen og irrasjonaliteten som prega førre hundreåret. Dei to verdskrigane viste for eksistensialistane kor absurd tilværet er. Eksistensialismen spring også ut av Opplysningstida. Før denne hadde det vore sett opp eit klart definert mål med livet. I Europa var det kristendomen, som sa at ein måtte leve som ein god kristen for å kome til Gud i himmelen etter ein var død. Men for eksistensialistar som Sartre gav dette ikkje lenger noka meining. Mennesket må skape si meining sjølv, i sitt eige liv.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Bokmålswikipediaen og den danske wikipediaen - artiklar med same namnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]