Ekstremsport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ekstremsport er idrett og fritidsaktivitet der utøvaren tør dei fysiske grensene sine og/eller utset seg for relativt stor skaderisiko. Ein må ofte visa mot og vera villig til å eksponere seg for objektive risikoar, farlige hendingar i omgjevnadene som ein har liten kontroll med gjennom eigen teknikk (til dømes snøskred). Ein viktig bakgrunn for ekstremaktivitetar er den psykiske opplevinga, såkalla adrenalin-kick, som utøvarane får i nervepirrande situasjonar.

Døme på ekstremsport er fjellklatring, fallskjermhopping (basehopping), hanggliding, paragliding, frikøyring på ski og snøbrett, motocross, terrengsykling, rullebrett, juvvandring, rafting, elvepadling, wakeboard, surfing og djupvassdykking.

Internasjonale konkurransar i ekstremsport blir mellom anna heldt gjennom X Games i USA og på EkstremsportvekoVoss i Hordaland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]