Ekstremvêr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ekstremvêr omfattar vêr som er ekstremt ut frå det vêret ein klimatisk kan forvente. Ekstremvêr vert nesten utelukkande nytta om kraftige uvêr eller vêr som oppstår på andre tider av året enn det som er normalt.[1]

Ekstremvêr kan omfatte:

Ekstremvêr vert stundom namngjeve, både for å åtvare folk om det komande uvêret og for å lettare skilje dei forskjellige uvêra frå kvarandre i ettertid. Som regel er det dei tropiske syklonane som får namn, men i Europa gjev Meteorologisk Institutt i Noreg og Deutscher Wetterdienst i Tyskland òg namn på alle uvêr som er til fare for liv og verdiar.

Ekstremvêr og klimaendringar[endre | endre wikiteksten]

Vêret har dei siste hundre åra ofte fått større følgjer enn tidlegare. Dette kan både kome av at ein har oftare ekstremvêr enn før, men like mykje at folketettleiken har auka kraftig og at folk dermed busett seg på stader utsett for uvêr. Verdas meteorologiorganisasjon [2] og andre[3][4] har påvist ein samanheng mellom ein auke i ekstremvêr og global oppvarming. Mellom anna tyder modellar på at ein får oftare kraftige tropiske syklonar med auka CO2-nivå og høgare temperatur i atmosfæren.[5]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Intergovernmental Panel on Climate Change. [http://www.grida.no/climate/ipcc_tar/wg1/088.htm 2.7 Has Climate Variability, or have Climate Extremes, Changed?] Arkivert 2005-11-01 ved Wayback Machine. Vitja 30. september 2008.
  2. Commondreams.org News Center. Extreme Weather Prompts Unprecedented Global Warming Alert. Arkivert 2006-04-18 ved Wayback Machine. Vitja 30. september.
  3. U. S. Environmental Protection Agency. Global Warming. Arkivert 2006-10-11 ved Wayback Machine. Vitja 30. september 2008.
  4. Carlos D. Hoyos, Paula A. Agudelo, Peter J. Webster, Judith A. Curry. Deconvolution of the Factors Contributing to the Increase in Global Hurricane Intensity. Vitja 30. september 2008.
  5. Thomas R. Knutson, et al., Journal of Climate, Impact of CO2-Induced Warming on Simulated Hurricane Intensity and Precipitation: Sensitivity to the Choice of Climate Model and Convective Parameterization, 15 sept. 2004. Vitja 30. september 2008.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]