Elektrisk ljos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glødelampe.

Lys frå elektrisk straum blir nytta over største delen av verda, mellom anna til å lysa opp bygningar, kunstverk, vegar og tunnelar.

Påverknad på samfunnet[endre | endre wikiteksten]

Gatelykt i Irland.

Elektrisk lys er klarare enn lys frå tradisjonelle lyskjelder, og gjer at ein kan utføra arbeid som tidlegare var avgrensa til periodar med dagslys. Det elektriske lyset har dermed gjort det mogleg å strekka dagen lenger, og har opna for mange former for nattarbeid. Ein er heller ikkje lenger nøydd til å bygga rom med vindauge for å få lys til dei.

Gateopplysing er blitt mykje meir effektiv takka vere elektrisk lys. Dette aukar tryggleiken i trafikken, og gjev også mange ei kjensle av tryggleik mot kriminalitet.

Hammerfest var den første vesteuropeiske byen der gatene blei opplyste ved hjelp av elektrisitet. Det skjedde i 1891.


Samansett satellittbilde av elektrisk lys over heile verda.

Lyset er òg kjelde til lysureining, det at det er vanskeleg å sjå stjernehimmelen frå stader der det bur fleire folk.

Julelys i Belém i Portugal.

Elektrisk lys i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Elektrisk lys blir brukt til å pynta opp, i den vestlege delen av verda særleg ved juletider. Det blir òg brukt til å skapa stemning på tilstellingar som konsertar og diskotek.

Spire Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.