Elen Loftesnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elen Loftesnes

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. januar 1905
Sogndalsfjøra
Død

2. desember 1979 (74 år)
Sogndalsfjøra

Yrke fotograf
Elen Loftesnes på Commons

Elen Loftesnes (fødd 9. januar 1905 i Sogndalsfjøra, død 2. desember 1979 same stad) var ein norsk fotograf som verka i Sogndal frå 1930 og til omtrent 1962, og hadde atelier og fotobutikk i tilknyting til familieheimen i Sogndalsfjøra. Loftesnes fotograferte både portrett og landskap.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Elen Loftesnes var nummer seks i rekkja av åtte søsken, der to ikkje levde opp. Foreldra var skysskar og skomakar Ola Olsson Loftesnes (1868-1944), kalla Tang-Ola, og Eli Jakopsdotter Loftesnes, f. Fjæren (1873-1952). Familien budde på eigedommen Solheim i Sogndalsfjøra, eit lite tun med våningshus, stall, uthus og naust. Elen var eit av dei yngste borna. Dei tre systrene hennar flytte etter kvart til Høyanger for å arbeide i industrien, og etablerte seg der. Broren Johan kjøpte eige hus i Sogndal, og broren Olav vart offiser i Frelsesarmeen, og flytta ofte med jobben.

Loftesnes gifta seg aldri, og vart buande med og hadde hovudomsorga for foreldra. Ho tok også over eigedommen etter dei. Ho var tett knytt til broren Olav heile livet, og han budde i barndomsheimen når han var heime i Sogndal. Eigedommen gjorde det mogeleg for Loftesnes å starte verksemd då faren gav seg som skysskar kring 1930, og stallen vart då gjort om til fotoforretning og mørkerom. Bygningen, som vart heitande «stallen» på folkemunne, hadde ei god plassering i Fjørevegen og hadde Loftesnes pensjonat som nærmaste nabo.

Loftesnes pensjonat. Fotoforretninga til Loftesnes var i bygningen til høgre, som no er garasje.
Gravferd frå Loftesnes pensjonat 1948. Fotoforretninga med biletutstilling til høgre.

Fotografverksemda[endre | endre wikiteksten]

I følgje Jan Talsethagen[1] lærte Loftesnes fotografering av urmakar Ola O. Vatlestad, som var sjølvlært og bygde sine eigne fotoapparat. Vatlestad var også ein god ven av fotografen Gerhard Einan i dei åra Einan budde i Sogndal. Vinteren 1930 gjekk Loftesnes i lære i Bergen. Det er ukjend hjå kven ho gjekk i lære, men seinare i karrieren brevveksla ho med fotograf Samson Brathole som dreiv forretning i Strandgaten. Det er ikkje kjend at Loftesnes hadde andre kontaktar i Bergen.

I juni 1930 annonserte Loftesnes i avisa Sogns Tidend at ho har vorte fotograf og starta forretning. I ein seinare annonse står det å lese: «Fotografering, fremkalling og kopiering. Min utdannelse og praksis garanterer fagmessig utførelse. Rimelige priser».[2] I fotoarkivet er det også eksempel på at ho tilbydde kolorering av bileta. Loftesnes annonserte hyppig gjennom heile 1930-talet, og også seinare i karrieren.

Songdøler samla på Fossetunet i samband med kronprins Olav sitt besøk i 1949.

Loftesnes utførte først og fremst portrettoppdrag, og fotograferte også feiringar, bryllaup, konfirmasjon, gravferder og tok noko post mortem-fotografi. Kundane var både i Sogndal og i bygdelaga rundt, og Loftesnes reiste ofte rundt og fotograferte heime hjå kundar.

Det er også svært mykje landskapsfoto etter ho, og postkort, særskilt med motiv frå Sogndal, var ein viktig del av produksjonen hennar. Det er tydeleg at landskapsfotografia ofte vart tekne på private turar, og vener og familie går også att på desse bileta. Loftesnes var svært oppteken av friluftsliv, og kombinerte ofte denne interessa med landskapsfotografering.

På byrjinga av 1950-talet leigde fotografen Leiv Bergum atelier hjå Loftesnes medan han etablerte seg i Sogndal, og han starta etter kvart ei ambisiøs fotoforretning. Etter kvart som Bergum tok over meir av marknaden trappa ho ned verksemda si, dei siste oppdraga i arkivet er frå 1962. Allereie i 1956 hadde Loftesnes også annonsert at ho hadde eit forretningslokale til leige, og etter dette tok ho betydeleg færre oppdrag enn tidlegare.

Livet i Sogndalsfjøra[endre | endre wikiteksten]

Loftesnes hadde store delar av livet tett tilknyting til Frelsesarmeen, ho hadde eit viktig miljø der og spelte mandolin i strengemusikken. Gjennom Frelsesarmeen møtte ho også Mathilde Pettersen frå Bergen. Pettersen budde i Sogndal saman med Loftesnes og foreldra hennar gjennom 1940-talet og fram til ho døydde i 1953, og var ein del av Loftesnes sin næraste familie i denne tida. Pettersen går att på svært mange bilete frå fotoarkivet, dei var mykje på turar i lag og deltok i aktivitetar i Frelsesarmeen. Pettersen vart av mange i Sogndal oppfatta som ei hushjelp, og hennar deltaking i heimen var antakeleg viktig for at Loftesnes skulle kunne drive verksemd og samstundes ha omsorg for foreldra. I familiane til Loftesnes og Pettersen har det vore ei oppfatning av at dei var partnarar. Etter at Pettersen døydde heldt Loftesnes nær kontakt med systrene hennar og deira familiar.

Mathilde Pettersen og Elen Loftesnes på tur med ukjend veninne.

Loftesnes eigde ei hytte i Sogndalsdalen, og brukte denne svært mykje. Ho var mykje på fjelltur, sykla og var ute i båt, og fiska både sommar og vinter. Denne livsstilen er godt synleg i fotoarkivet gjennom dei mange bileta av turar, natur og landskap.

Arkivet etter Elen Loftesnes[endre | endre wikiteksten]

Negativ og positiv etter Loftesnes vart funne av drivaren av Loftesnes pensjonat, Dagfinn Loftesnes (ikkje i slekt med Elen), og avlevert til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i 1988. Han hadde då overteke eigedommen etter Loftesnes, og fotoarkivet stod mellom anna i naustet. Der hadde Elen Loftesnes i si tid fått innreia eit rom som heldt god nok standard til at ho kunne bu der i periodar, noko både ho og også andre i familien gjorde. Materialet var difor ikkje i særskilt dårleg forfatning, til trass for det utradisjonelle oppbevaringslokalet.

Fotoarkivet vart handsama i eit prosjekt starta av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i 2019, og fullført i 2021. Det viste seg å innehalde 4368 negativ, og 903 positiv utan tilhøyrande negativ. Mesteparten av det bevarte materialet er frå 1950-åra, og det er vanskeleg å slå fast kor stor den totale produksjonen til Loftesnes kan ha vore. Frå 1930 og fram til 1950-talet er det berre bevart fragment, og mykje av dette er udatert materiale.

Arkivet er digitalisert i heilskap og tilgjengeleg i fylkesarkivet sitt webarkiv for foto. Det vart samla inn informasjon og intervjua eit stort tal informantar i prosjektet, som resulterte i ein lengre biografisk artikkel om Loftesnes publisert på fylkesarkivet sin nettstad. Prosjektet er finansiert av Norsk kulturråd[3] og Arkivverket.

Arkivet etter Elen Loftesnes er eit viktig fotoarkiv i eit regionalt perspektiv, ettersom det utgjer eitt av berre to bevarte fotoarkiv etter dei kvinnelege fotografane frå Sogn og Fjordane. Gjennom størsteparten av 1940-talet og til ut på 1950-talet var Loftesnes også åleine om å vere fotograf i Sogndal, og før dette er det berre eitt anna fotografarkiv, etter Nils Reppen, som er bevart frå regionssenteret.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Talsethagen, s. 26-27
  2. Annonse i Sogningen 28. oktober 1932.
  3. fylkesarkivet.no - Prosjektstøtte til Fylkesarkivet)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]