Elias Fiigenschoug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elias Fiigenschoug
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1600
København
Død

1661 (61 år)

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Elias Fiigenschoug på Commons

Elias Fiigenschoug var ein norsk målar som arbeidde i Bergen kringom 1630-60, den fremste barokkmålaren i Noreg på 1600-talet.[1]

Portrett av Erik Iversen Nordal
Halsnøy kloster ved Bergen. Olje på lerret.

Fiigenschoug var kanskje fødd i København.[1] Mykje truleg gjekk han i lære i Amsterdam, då portrettstilen hans er typisk nederlandsk.[1] Han måla ei rekke portrett av prestar og prestefamiliar, datert til mellom 1633 og 1657.[1] Desse var lokalisert til kyrkjer frå særleg Hardanger i sør til Nordfjord i nord. Han har også laga livfulle portrett-medaljongar av kjøpmenn og embetsfolk. Fiigenschoug sine seinare bilete viser påverknad frå flamsk barokkmåleri. Hans prospekt av Halsnøy kloster frå 1656 vert rekna som det fyrste norske landskapsmåleriet.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Haverkamp, Frode Ernst (8. mars 2023). «Elias Fiigenschoug». Store norske leksikon (på norsk).