Elias Hetting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Elias Hetting
Fødd 3. juni 1769
Holt
Død

27. oktober 1826
Fosnes

Yrke politikar

Elias Frederik Hetting (3. juni 176927. oktober 1826) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Hetting var fødd i Holt i Aust-Agder, faren var forvaltar ved Nes Jarnverk. Sjølv tok han norsk juridisk eksamen i 1790, og vart året etter fullmektig hos sorenskrivaren i Ryfylke. Han var fungerande sorenskrivar i Ryfylke 1797-1800, deretter sorenskrivar i Aust- og Vest-Finnmark 1800-05. Frå 1805 og til han døydde var han sorenskrivar i Namdalen.

Hetting var 3. representant frå Nordre Trondhjems amtStortinget 1815-16. Han var medlem av 14 komitear, der i mellom justiskomiteen, handelskomiteen, om kjøpstadprivilegiar, om kjøpstad i Grimstad og om rikshospital.

Han døydde i Fosnes i 1826.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]