Anna av Russland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anna
Louis Caravaque, Portrait of Empress Anna Ioannovna (1730).jpg
Tsarina
Regjeringstid 30. januar 1730 – 28. oktober 1740
Kroning 28. april 1730
Fullt namn Anna Ivanovna Romanova
Fødd 7. februar 1693
Fødestad Moskva
Død 28. oktober 1740 (47 år)
Gravlagd Peter- og Pauluskatedralen
Føregjengar Peter II
Etterfølgjar Ivan VI
Far Ivan V av Russland
Mor Praskovia Saltykova

Anna I av Russland (russisk Анна Ивановна, Anna Ivanovna) (7. februar 169328. oktober 1740) var regjerande tsarina av Russland frå 1730 til 1740.

Vegen til trona[endre | endre wikiteksten]

Anna var dotter av Ivan V av Russland. Ho var òg niese til Peter den store. Han fekk henne gift med hertug Fredrik Vilhelm av Kurland i november 1710, men på heimreisa frå St. Petersburg i januar 1711 døydde mannen hennar av overeting. Anna fortsette å regjere som hertuginne av Kurland (no vestre Latvia) frå 1711 til 1730 med den russiske residenten, Peter Bestusjev, som rådgjevar. Ho gifta seg ikkje etter mannen hennar døydde, men fiendane hennar skulda henne for ein affære med grev Biron i mange år.

Tsarina[endre | endre wikiteksten]

Då Peter 2., den russiske tsaren, døydde, utnemnde Russlands Høge Råd under fyrst Dmitrij Galizine Anna til tsarina i 1730. Dei hadde håpa at ho ville føle seg i gjeld til adelen for den uventa lukka si og berre vere ei nikkedokke. I voner om å etablere eit konstitusjonelt monarki i Russland overtalte dei henne til å skrive under dokument som reduserte makta hennar. Men desse viste seg å berre vere små hindringar for henne, og snart hadde ho etablert seg som ein autokratisk herskar ved å bruke populariteten frå garden og lågadelen.

Anna mistrudde russiske adelsmenn, og heldt dei borte frå alle maktposisjonar. I staden gav ho dei til baltiske tyskarar. Ho hadde særleg tillit til Ernst Johann von Biron, som fekk stor tyding for utanrikspolitikken til Russland. Ho allierte Russland med den tysk-romerske keisar Karl VI, og gjorde kurfyrst Fredrik August II av Sachsen til konge av Polen etter den polske arvefølgjekrigen. I 1736 angrep ho Det osmanske riket, men Karl slutta separatfred med tyrkarane og tvinga Anna til å gjere det same. Styret hennar markerte byrjinga på den store territorielle ekspansjon til Russland inn i Sentral-Asia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Anna av Russland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]