Ella Marie Hætta Isaksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ella Marie Hætta Isaksen
Ella Marie Hætta Isaksen, 2018 (crop).jpg
Ella Marie under Over Oslo i 2018.
Foto: Tore Sætre
Fødd25. april 1998 (24 år)
FødestadTana
OpphavNoreg
Aktiv2015–
Sjangerelektronisk dansemusikk
Instrumentvokal
Verka somsongar, låtskrivar, musikar, skodespelar, komponist, aktivist
Prisarbrobyggerprisen, Zola-prisen, Fritt Ords honnør

Ella Marie Hætta Isaksen (fødd 25. april 1998) er ein norsk, samisk musikar frå Tana. I 2016 vann Isaksen Sámi Grand Prix med den sjølvskrivne songen «Luoddaearru», og i 2017 vann ho songtevlinga Liet International med same song.[1] I 2017 var Isaksen med på å starte bandet ISÁK.[2] I oktober 2018 vann ho NRK-programmet Stjernekamp.[3][4]

I 2019 tok Ella Marie imot Brobyggerprisen frå Norske kirkeakademier.[5] I 2021 gav ho ut si fyrste bok med tittelen Derfor må du vite at jeg er same.[6]

Politisk engasjement[endre | endre wikiteksten]

Ho vart vald til fylkesleiar i miljøvernorganisasjonen Natur og Ungdom i november 2014[7] og sat til januar 2016. Ho hadde andre verv i organisasjonen fram til ho vart tilsett som kampanjesekretær i Natur og Ungdom hausten 2017. Ho vart vald inn i sentralstyret i organisasjonen i januar 2018, og sat i eit halvår, fram til ho valde å fokusere på musikken frå sommaren 2018.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. NRK Sápmi 19. april 2017. Liet-vinneren: – Kulturskolen formet meg for scenen. Besøk 20. april 2017.
  2. Ságat 26. mars 2017. Isaksen med nytt band (krever innlogging). Besøkt 20. april 2017.
  3. NRK Sápmi 6. juni 2018 Samisk artist med i «Stjernekamp»
  4. «Ella Marie Hætta Isaksen», www.cappelendamm.no (på norsk), henta 11. november 2022 
  5. «Brobyggerpris til Ella Marie Hætta Isaksen». Den norske kirke. 
  6. «Derfor må du vite at jeg er same», Cappelendamm (på norsk), 2021, henta 11. november 2022 
  7. Facebook-post av Finnmark Natur og Ungdom. (15.11.2014). Henta den 7.12.2018.

Denne artikkelen byggjer på Ella Marie Hætta IsaksenWikipedia på bokmål den 7.12.2018.