Norsk Telegrambyrå
Utsjånad
(Omdirigert frå NTB)
| Norsk Telegrambyrå | |||
| | |||
| Org.form | Aksjeselskap | ||
|---|---|---|---|
| Org.nr. | 914797497 | ||
| Skipa | 1867 | ||
| Hovudkontor | Oslo | ||
| Land | Noreg | ||
| Nettstad | https://www.ntb.no | ||
Norsk Telegrambyrå (NTB) er eit norsk nyhendebyrå som vart etablert i 1867. Byrået vert eigd av norske mediebedrifter i fellesskap, med Orkla Media som største eigar. NTB er deleigar i biletbyrået Scanpix Norge.
NTB har om lag 100 tilsette. Byrået er delt opp i fem redaksjonar; nyheits-, samfunns-, kultur-, utanriks- og sportsredaksjonen. I tillegg kjem lokalkontor i Bergen, Stavanger, Molde, Trondheim, Bodø og Tromsø. Byrået har også ein fast korrespondent i Brussel.