elva Mesta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mesta
elv
none
Land Flag of Bulgaria.svg Bulgaria, Flag of Greece.svg Hellas
Lengd 230 km
Nedslagsfelt 2 767,1 km²
Middelvassføring Ved kjelda til Tsjerna Mesta: 1 462 /s
Ved Hadzjidimovo 29 285 /s
Kjelde Rila i Bulgaria
Munning Det thrakiske havet, aust for Keramotí
Wikimedia Commons: Nestos River
Néstos i Hellas.

Mesta (bulgarsk Места) eller Néstos (gresk Νέστος) er ei elv i Bulgaria og Hellas. Ho har sitt utspring i Rilafjella i Bulgaria og munnar ut i Egearhavet nær øya Thásos. Ho stupar gjennom bratte juv mot Egearhavet gjennom stort sett metamorfe formasjonar. I den nedre delen renn elva ut over kystsletta Khrysoúpoli og deler seg opp i eit deltasystem, kalla Néstosdeltaet, med fleire ferskvassinnsjøar og tjern. Mesta er 230 km lang, der 126 km i Bulgaria medan resten ligg i Hellas. Ho dannar fleire juv i Rila og Pirin.

Den lengste sideelva til Mesta er Dospat. Breidda av elva er stort sett dekt av lauvtre som strekkjer seg halvvegs mellom Bulgaria og Hellas, og ho dannar grensa mellom Makedonia og Thráki, i tillegg til grensa mellom periferieiningane Kavála og Xánthi.