Xánthi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Xánthi
Lokalt namn Ξάνθη

Klokketårnet i Xánthi
Geografi
Stad Thráki
Koordinatar 41°08′N 24°53′EKoordinatar: 41°08′N 24°53′E
Areal 495,4 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Aust-Makedonía og Thráki
Xánthi
Hovudsete Xánthi (56 122 innb.)
Demografi
Folketal 65 133 (2011[1])
Folketettleik 131,6 /km²

Xánthi (gresk Ξάνθη, tyrkisk İskeçe, bulgarsk Ксанти (Ksanti) og stundom Скеча (Sketsja)) er ein by og kommune i periferieininga med same namn, der han òg er hovudstad, i periferien Aust-Makedonía og Thráki i Hellas.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har kjende kjelder om Xánthi eller Xanthia tilbake til år 879 fvt.. Han byrja som ein liten landsby og har opplevd alle tumultane gjennom Thrakia sin historie, som plyndringstokt, katastrofar, rasekonfliktar og borgarkrigar. Innbyggjarane i området har nesten vore utrydda og nesten alt vart lagd i grus, Dette var situasjonen då osmanarane kom til området. Som følgje av dette førte osmanarane kolonistar frå Vesleasia til området, som er korleis Jeniséa (Γενισέα) vart oppretta, medan Oréo (Ωραίο) og Xánthi vart verande hovudsakleg greske og kristne senter.

Jeniséa-perioden[endre | endre wikiteksten]

Ved 1715 var Xánthi og Jeniséa kjend for den gode tobakken som vart dyrka her. Handelen med tobakk i Europa førte til at Xánthi vart ein velståande by. I mars og april 1829 vart byen råka av to jordskjelv som bokstavleg talt jamna byen med jorda, men dei spelte ei viktig rolle i den vidare utviklinga til byen. Alle byane vart raskt bygd opp att. I 1870 brann byen Genisea med og alle kontor og tenester vart flytta til Xánthi, som på den tida hadde om lag 10 000 innbyggjarar. I 1891 vart det bygd ei jernbanelinje nær byen, som førte til vidare økonomisk vekst og oppretting av skular og foreiningar.

Balkankrigane[endre | endre wikiteksten]

Bulgaria tok Xánthi i 1912 under den første balkankrigen, men etter ein periode på åtte månadar vart han erobra av den greske hæren under den andre balkankrigen. Kort tid etter vart derimot Xánthi og Vest-Thakia avstått til Bulgaria, som hadde kontroll over området til slutten av den første verdskrigen. Etter bulgarsk tap i denne krigen vart Vest-Thakia, og dermed Xánthi, ein permanent del av Hellas i 1919-1920.

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Kart over kommunaleiningane i kommunen Xánthi. ██ Xánthi ██ Stavroúpoli

Frå 2011 omfattar kommunen òg den tidlegare kommunen Stavroúpoli. Dei to tidlegare kommunane er no kommunaleiningar.[2]

Den tidlegare kommunen Xánthi, no kommunaleininga Xánthi

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunen 65 133 innbyggjarar, medan kommunaleininga Xánthi hadde 63 083 og tettstaden med same namn 56 122 innbyggjarar.[1]

Byar og tettstader[endre | endre wikiteksten]

Dei største byane og tettstadene i kommunen er:

Tettstad Kommunaleining Folketal 2011[1]
Xánthi Xánthi 56 122
Kimméria Xánthi 3 644
Évmiro Xánthi 1 272
Petrokhóri Xánthi 910
Stavroúpoli Stavroúpoli 538

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]