Emma Muscat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Emma Muscat

Fødd27. november 1999 (24 år)
FødestadSan Ġiljan
FødenamnEmma Louise Marie Muscat
OpphavMalta
Aktiv2016–
Sjangerpop
PlateselskapWarner Music Group
Verka somsongar-låtskrivar, pianist, modell

Emma Louise Marie Muscat (fødd 27. november 1999) er ein maltesisk songar og modell med base i Italia. Ho representerte Malta i Eurovision Song Contest 2022 med låten «I Am What I Am».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Muscat vart fødd i San ĠiljanMalta, og byrja med musikk allereie som barn. Etter grunnskolen byrja ho på studiar ved University of Maltas skule for utøvande kunst. Ho dreiv med song, dansing, piano og låtskriving, og som 17-åring slapp ho debutsingelen «Alone». Året etter, i 2017, slapp ho oppfølgjarsingelen «Without You».

I 2018 kom Muscat på fjerdeplass i den 17. utgåva av det italienske talentshowet Amici di Maria De Filippi, og vann samstundes ein platekontrakt med Warner Music.[1] Seinare deltok ho i programmet Isle of MTV 2018 med stjerner som Jason Derulo, Hailee Steinfeld og Sigala, og deltok året etter med Martin Garrix, Bebe Rexha og Ava Max.

Muscat slapp sin fyrste EP, Moments, 6. juli 2018, og året etter slapp ho singelen «Avec moi», saman med songaren Biondo.[2] Sidan følgde fleire nye singlar for den italienske marknaden, blant anna «Sangria» som selde til gull i Italia.[3]

I februar 2022 deltok Muscat i den maltesiske songtevlinga Malta Eurovision Song Contest 2022TVM. Ho vann tevlinga med songen «Out of Sight» med 92 poeng og fekk dimed representere Malta i Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.[4] Ho vann både jury- og telefonavrøystinga.[5] Muscat kunngjorde 14. mars 2022 at ho ikkje skulle delta med vinnarsongen frå den maltesiske finalen, men i staden med sin nyaste singel, «I Am What I Am».[6] Songen deltok i den andre semifinalen, men vart berre nummer 16 av 18 bidrag og kvalifiserte seg ikkje til finalen.[7]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

  • 2018 – Moments Christmas Edition

EP-ar[endre | endre wikiteksten]

  • 2018 – Moments
  • 2022 – I Am Emma

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • 2016 – «Alone»
  • 2018 – «I Need Somebody»
  • 2019 – «Avec moi» (med Biondo)
  • 2019 – «Vicolo Cieco»
  • 2020 – «Sangria» (med Astol)
  • 2021 – «Meglio di sera» (med Álvaro de Luna og Astol)
  • 2021 – «Più di te»
  • 2022 – «Out of Sight»
  • 2022 – «I Am What I Am»
  • 2022 – «La stessa lingua» (med Blas Cantó)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Emma Muscat - Malta - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 21. februar 2022. 
  2. Corradini, Liliana (26. april 2019). «Emma Muscat e Biondo per la prima volta insieme in “Avec Moi”». Radio Bruno (på italiensk). Arkivert frå originalen 25. mai 2022. Henta 21. februar 2022. 
  3. Azzopardi, Jean Paul (9. desember 2020). «Maltese Starlet Emma Muscat's Latest Single Has Been Given The Gold Certification». Lovin Malta (på engelsk). Henta 21. februar 2022. 
  4. minn Andrea Rossitto. «Emma Muscat tirbaħ il-Malta Eurovision Song Contest». TVMnews.mt (på engelsk). Henta 21. februar 2022. 
  5. Diacono, Tim (19. februar 2022). «Breaking: Emma Muscat Wins Malta Eurovision Song Contest». Lovin Malta (på engelsk). Henta 21. februar 2022. 
  6. «🇲🇹 Malta: Emma Muscat Confirms "I Am What I Am" As New Eurovision 2022 Entry». Eurovoix (på engelsk). 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 
  7. «Emma Muscat - Malta - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. juni 2022.