Svein Tjugeskjegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svein I Tjugeskjegg
Sweyn.jpg
Svein Tjugeskjegg (Sweyn Forkbeard) som dekor på Swansea Guildhall i Wales (ferdig 1934). Det er ein teori om at namnet på byen Swansea skriv seg frå «king Sweyn», og at det truleg har utvikla seg frå ein kombinasjon av namnet Sweyn og det norrøne ordet ey (øy).
Konge av Danmark og England
Regjeringstid Danmark: 986–1014
England: 1013–1014
Fødd ca. 960
Død 3. februar 1014, Gainsborough i Lincolnshire
Ektefelle Gunhild av Polen
Sigrid Storråde
Far Harald Blåtann
Mor uviss
Born Gunnhild (Santslaue)
Gyda
Knut
Harald
Estrid Margarete

Svein Tjugeskjegg (kring 9603. februar 1014) var konge av Danmark ca 986-1014 og konge av England 1013-1014.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Det norske tilnamnet «Tjugeskjegg» (norrønt: tjúguskegg)[1] tyder delt eller kløfta skjegg og viser til at han hadde lange mustasjer som hang ned og likna på ein høygaffel. I Danmark blir han kalla Svend Tveskæg, eller Svend I av Danmark. I Den angelsaksiske krønika er han kalla Swegen og i seinare engelske kjelder er han oftast kalla Sweyn eller Swein Forkbeard. Han skal ha blitt døypt av keisar Otto II og vart då gitt dåpsnamnet Sveinotto (iflg. Adam av Bremen kap.5), eit namn som han truleg aldri nytta.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Han var son til kong Harald Gormsson (Blåtann). Vi har berre usikre kjelder om kven som var mor hans; i Knytlingesaga blir det sagt at han var uekte fødd og at den danske hovdingen Palnatoke var fosterfar hans. I Jomsvikingsoga er det òg lagt til at mor hans var ei bondekvinne som vart kalla Saum-Æsa. Kong Harald hadde fleire koner, Tove (Tófa) dotter til den polske fyrsten Mistivoj, Gunnhild (iflg Adam av Bremen) og Gyrith (iflg Saxo) men det er uvisst om nokon av dei var mor til Svein Tjugeskjegg. Svein hadde fleire sysken, mellom dei systera Gunnhild (sjå nedanfor).

Omkring år 980 vart Svein Tjugeskjegg truleg gift med ho som blir kalla Gunnhild av Polen (Świętosława), dotter til hertug Mieszko i Polen[2]. Med henne fekk han borna Gunnhild (Santslaue), Harald og Knut og kanskje Gyda. Omkring år 997 skilde han seg frå henne og sende henne attende til Polen[Note 1], truleg til bror hennar Boleslaw (han vart seinare den første kongen i Polen). Han gifte seg deretter med Sigrid, ho som blir kalla Storråde (etter Snorre var ho dotter til Skogul-Toste). Ho var då enka etter kong Eirik Sigersæl og mor til Olof Eiriksson (Skötkonung). Med henne fekk han dottera Estrid Margarete som var mor til kong Svein Estridsson og dermed vart stammor til den danske kongsætta «Æstrid-ætta».

Dottera Gyda vart gift med Eirik Håkonsson Ladejarl, og gjennom henne vart kong Svein Tjugeskjegg bestefar til Håkon Eiriksson Ladejarl.
Dottera Gunnhild vart truleg gift med «Wyrtgeorn» konge av «Windi», slik det er nemnt to stader i «Chronicle of Florence of Worcester» (sjå kjelder).
Harald Sveinsson vart dansk konge frå 1014 til han døydde i 1018[3].
Knut Sveinsson vart dansk konge i tida 1018-1035 og engelsk konge (Knut den store) i tida 1016-1035[4].

Dansk konge[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste norrøne kjeldene er sameinte (men med ulik grunngjeving) om at det var stor usemje mellom Svein og faren, Harald Blåtann. Det kom til open krig som enda med at kong Harald vart såra og døydde etter å ha teke tilflukt i «slavernes by Jumne» [5]. Dette hende truleg mot slutten av 986 eller tidleg i 987, og Svein Tjugeskjegg vart deretter teken til konge over Danmark. Det var truleg på denne tida at Svein Tjugeskjegg sende ein hærflåte for å erobre Noreg, noko som enda med eit dansk nederlag i slaget i Hjørungavåg (Jomsvikingslaget)[6].

Kjeldene er usikre om kva som skjedde i dei første åra av styringstida til kong Svein, men mest truleg var det slik at at den svenske kong Eirik Sigersæl samla ei hær «så tallrik som havets sand» og gjekk til åtak på Danmark. Svein Tjugeskjegg på måtte røme frå landet [7].[Note 2] Ikkje lenge etter, kanskje alt i 991, hadde kong Svein fått seg skip og hærstyrkar og byrja med herjing på dei britiske øyane. I den angelsaksiske krønika er han nemnt første gongen i året 994[8] då han, saman med vikinghovdingen Olav Tryggvason, den 8. september (Nativity of St. Mary) gjekk til åtak på London. Åtaket var mislukka, men dei heldt fram med herjing i Essex, Kent, Sussex og Hampshire og dei for fram med «unspeakable evil»[8]. Den engelske kongen Ethelred[Note 3] let då betale ut 16000 pund i danegeld[Note 4] for at dei skulle halde fred, og den danske styrken lægra seg for vinteren ved Southampton.

Året etter heldt kong Svein fram med herjingar andre stader i England. Men krønikene fortel at kong Ethelred sende folk til Olav Tryggvason og det resulterte i at han «bytte side» og gjekk i teneste hos den engelske kongen. Når kong Ethelred ved det høvet gjorde ein avtale med Olav Tryggvason var truleg intensjonen å splitte opp vikinghæren som herja i landet hans, og kanskje var det òg kong Ethelred sin strategi at Olav skulle erobre Noreg (som han gjorde) og deretter gå til krig mot Danmark (som han òg gjorde) for å bli ein trusel mot kong Svein sine hærstyrkar frå «baksida»[9].

Våren 995 erobra Olav Tryggvason Noreg, og det var truleg ikkje ei tilfeldigheit at kong Svein om lag på den tida braut av krigføringa i England og reiste attende til Danmark. Kjeldene er usikre om korleis han fekk attende styringa med heimeriket sitt, men på slutten av 990-åra må han ha gjort eit forlik med kong Olof i Sverige, som gav avkall på erobringane som faren, Eirik Sigersæl, hadde gjort i Danmark, tydelegvis mot at kong Svein sende frå seg kona si, polske Gunnhild, og gifte seg med Sigrid, enka etter Eirik Sigersæl[10].

Om lag samstundes (997) vart Eirik Håkonsson jarl gift med Gyda, dotter til kong Svein. Dette ekteskapet var sjølvsagt ein lekk i kong Svein sin alliansepolitikk, men det styrker òg inntrykket av at Eirik jarl og kong Svein alt frå ungdomstida hadde hatt eit nært vennskap; dei var om lag jamgamle og truleg hadde dei vore på vikingferd saman i slutten av 970-åra [Note 5] .

Slaget ved Svolder[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Svolder. Eirik jarl kjempa mot Olav Tryggvason; då flydde Olav, han bykste på sjøen og drukna.
(ref.: Arvedråpa av Hallfred)
Måleri av Peter Nicolai Arbo.

Det var dermed etablert eit forbund mellom kongane Svein Tjugeskjegg og Olof Skötkonung (som no var styksonen hans) og ladejarlane Eirik Håkonsson og Svein Håkonsson (Eirik var versonen til kong Svein og Svein jarl var verbror til kong Olof). Omkring år 1000 kom det til eit slag ved Svolder, mellom den norske flåtestyrken til kong Olav Tryggvason og ein alliert svensk og dansk styrke, der òg ladejarlane var med. Der fall kong Olav og sogene fortel at det var Eirik jarl som var banemannen hans.

Slaget ved Svolder vart skildra både i skaldedikt og i dei norrøne sogene, men oftast framstilt som eit privat oppgjer mellom dei involverte stormennene og heile soga om Svolderslaget blir flytta til privatsfæren, og dermed mest å rekne for ein roman. Men Adam av Bremen skreiv at kong Olav «gjekk til krig mot danskekongen» [11]. og kanskje var årsaka til konflikta beinhard storpolitikk der striden stod om herredømet over dei Skandinaviske landa og England. Etter slaget var utvilsamt stoda den at kong Svein Tjugeskjegg hadde sikra herredømet sitt over Danmark og ladejarlane Eirik og Svein hadde fått styringa over Noreg, etter den tida som sjølvstendige herskarar.[Note 6] [12]

Massakrene på Sankt Brictiusdagen[endre | endre wikiteksten]

Ikkje lenge etter slaget ved Svolder, hende det at Ethelred i England sette i verk ein blodig massakre mot den «danske» befolkninga i landet (truleg òg mange norske og svenske). Hendinga er nemnt i den angelsaksiske krønika (1002)[8]. Drapa, som er blitt omtala som eit folkemord, vart utført samordna over «heile England», og på ein og same dag, 13. november 1002, vart ei stor mengd menn, kvinner og born drepne, mange av dei på særs bestialsk vis. William av Malmesbury (sjå ref.) opplyser at kong Svein si syster Gunhilda og mannen hennar Pallig (kanskje Pallig Tokesson), vart drepne i massakren.[13]. Ugjerninga var truleg lite gjennomtenkt og ei nokså uklok handling av kong Ethelred. Danane, både i Danmark og dei som var att i England, og ikkje minst kong Svein Tjugeskjegg, vart fulle av raseri og var ute etter hemn.

Konge av England[endre | endre wikiteksten]

Svein Tjugeskjegg invaderer England. Miniatyr frå handskriftet Livet til Edvard vedkjennaren frå 1200-talet.
Mynt for Svein Tjugeskjegg med teksten: ZɅEN REX AD DENER
(Bokstaven V er skrive opp ned)

Utan tvil var det òg slik at kong Svein Tjugeskjegg stutt tid etter slaget ved Svolder, heldt fram med hærferda mot England. I tida etter 995 blir han ikkje nemnt i den angelsaksiske krønika før i åra 1003 og 1004. Då herja han med styrkane sine mange stader, frå Sussex i sør til Aust-Anglia i nord. I 1005 vart det stor hungersnaud i landet og Svein forlet England og reiste attende til Danmark. I åra mellom 1006 og 1012 fortel den angelsaksiske krønika om danske styrkar som herja i England. Kong Svein er ikkje nemnt i krønikene i desse åra, derimot er det sagt at Torkjell (Høge) var hovding. Først i august 1013 opplyser krønikene at Svein Tjugeskjegg sjølv kom med flåten sin til Sandwich i England og starta det som blir kalla den tredje invasjonen.

Frå Sandwich segla han nokså snøgt med flåten opp i elva Trent og etablerte ein hovudbase i Gainsborough i Lincolnshire. Derifrå ser det ut til at han sette i verk ein godt organisert militær kampanje og hærtok då heile det sørlege England. Dei angelsaksiske krønikene melde til sist at «heile nasjonen aksepterte han som konge». Omkring juletider 1013 rømde kong Ethelred ut or landet og reiste til Normandie.

I England vart han kalla «Sweyn Forkbeard» og er rekna som monarken med den kortaste regjeringstida i Englands historie. Han hadde heile tida base i byen Gainsborough, og døydde der 3. februar 1014. Han blei først gravlagt i York Minster, men liket blei seinare flytta til Roskilde domkyrkje i Danmark, der han i dag ligg på ein ukjent stad saman med faren Harald Blåtann. Dei danske hærstyrkane tok sonen Knut til konge etter at Svein døydde.

I påska 1014 kom kong Ethelred attende til England og store hærstyrkar samla seg til han. Dei danske styrkane drog då, først attende til Sandwich, og derifrå segla dei attende til Danmark. Eit år seinare skulle ein ny dansk hærstyrke kome til å starte ein ny invasjon og kong Knut, som seinare vart kalla Cnut the great, fullførte faren sitt store prosjekt og 6.januar 1017 vart han kront til konge over «all the kingdom of England».

I Gainsborough er minna frå denne tida framleis levande og der finst m.a. to pubar som heiter The Sweyn Forkbeard og Canute. I 2013 vart det halde ein stor festival[14] for å feire 1000-års jubileet til minne om at byen, for eit kort tid, hadde vore hovudstad i England (og i Danmark!).

Det er kjent at Svein Tjugeskjegg let gjere mynt av tilsv. type som kong Ethelred, men med sitt «portrettbilete» og med den latinske innskripsjonen «ZVEN REX AD DENER» som tyder «Sven, konge av danane»[15].

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Ettermælet til Svein Tjugeskjegg er blitt farga av den særs negative omtalen frå kyrkjeleg hald (særleg Adam av Bremen som var sterkt kritisk til kong Svein) men utan tvil var han ein kristen konge. Han let bygge kyrkjer (m.a. i Roskilde) og i hans tid verka misjonærbiskopar både i England, Noreg og Danmark. Fram for alt var han likevel hærkonge og erobrar og må ha vore ein klok strateg. Den engelske historikaren M.K.Lawson har uttrykt det slik : «The evidence, though slight, is sufficient to show that Swein was a remarkable, and a remarkably successful, king.» (CNUT, The Medieval World 1993)

I Skaldatal er skalden Ottar Svarte knytt til kong Svein Tjugeskjegg, men vi kjenner ingen skaldekvad av han, der kong Svein er nemnt.

Dødsfallet til kong Svein Tjugeskjegg er omspunne med myter etter som han «brått døydde om natta, i si seng». Ein dansk rettsmedisinar har sett fram ein teori om at han døydde av Brugadas syndrom [16]. Teorien er òg at dette var ein arveleg defekt som kunne gi forklaring på tidleg død for mange av etterkomarane hans.

I oversikt over kongar i Danmark[17] er Svend I Tveskæg ført opp som den tredje kongen, med regjeringstid 987-1014.

Svein Tjugeskjegg blir oftast ikkje ført opp i den engelske kongerekka[18], truleg fordi han ikkje formelt vart kront til konge. Det blir gjerne stadfest at han vart utropt til konge over England «Christmas Day 1013» (dvs 25. desember 1013).


Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. I Encomium Emmae Reginae (sjå ref.) blir det fortalt at etter at Svein Tjugeskjegg var død (1014), drog sønene hans, Harald og Knut, til Polen og henta heim mor deira.
  2. Adam av Bremen skriv: «.. han (kong Svein) kom hjelpeløs til nordmennene, der Håkons sønn Tryggve da var konge». Namnebruken er opplagt feil, sonen til Håkon jarl var sjølvsagt Eirik som på denne tida (omkring 990) truleg var kong Svein sin jarl i Vika i Noreg. Eit vers i Bandadråpa av skalden Eyjolv Dådaskald, er vanlegvis rekna som prov på at Eirik Håkonson i unge år vart danekongen sin jarl i Vingulmark og Romerike.
  3. Kong Ethelred var konge i England i tida 978-1013 og frå 1014 til han døydde 23.4.1016. Han fekk tilnamnet «unræd» som ofte blir mistolka til å tyde «den rådville». Ei rettare tyding er truleg «han som fekk dårlege råd». Han får ofte det negative ettermælet som ein veik og usjølvstendig konge, men han kan ikkje ha vore heilt udugeleg då han på ulike vis greidde å stå imot fleire danske invasjonstyrkar, faktisk heilt til han døydde.
  4. Danegeld (tyder:«Danegull») er eit gamal-engelsk ord, og er ei nemning på ein tributt det angelsaksiske England betalte til norrøne vikinger og hærstyrkar, for at dei ikkje skulle herje i landet.
  5. Det har vore hevda at Eirik jarl var med på hærferdene til kong Svein i England. Mellom anna skuldast dette ei feiltolking av diktet «Eiriksdråpa» av Tord Kolbeinsson, som plasserer Eirik jarl i slaget ved Ringmere (hringmaraheidr) i 1010, medan diktet i røynda viser til i eit slag på den same staden i 1015/1016, då i krigstoget til kong Knut den Store. Etter det ein kan finne i kjeldene, var ikkje kong Svein i England i 1010, og då er det nokså sikkert at heller ikkje Eirik jarl var der.
  6. I både norrøn og nyare sogeskriving blir det fortalt at Noreg vart delt, etter slaget ved Svolder, og at ladejarlane hadde landet i len frå den svenske og danske kongen. Det heile verkar som ein konstruksjon og er lite truverdig. Sogeverket Ågrip (sjå ref.) nemner berre at Eirik og Svein fekk Noreg, og seinare at Eirik hadde landet åleine. Skalden Tord Kolbeinsson seier i Eiriksdråpa at landet «..frå Vega i Nord til Agder i sør, og lenger ..» vart lagt under fyrsten (Eirik jarl).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jamfør det dialektiske ordet «høytjugu» som tyder «høygaffel»
  2. Gunnhild – Svend Tveskægs første dronning Store norske leksikon
  3. Den store danske Harald 2 konge av Danmark 1014-1018
  4. Den store danske Knut 2. den store
  5. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, kap.27 (Aschehoug 1993)
  6. Jomsvikinga saga frå heimskringla.no, på dansk ved C. C. Rafn (1829)
  7. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, kap.30-35 (Aschehoug 1993)
  8. 8,0 8,1 8,2 Anglo-Saxon Chronicle Online Medieval and Classical Library
  9. Cnut: Danes in England in the Early Eleventh Century (The Medieval World) av M K Lawson (Longman 1993) side 36
  10. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, kap.39 (Aschehoug 1993)
  11. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, kap.40 (Aschehoug 1993)
  12. Ågrip or Noregs kongesoger av Gustav Indrebø, kap. 21 (Samlaget 1973)
  13. Kongedotter Gunhild Den store danske
  14. Gainsborough celebrates 1000 years since its stint as capital of England
  15. Danmarks Mynthistorie indtil 1146 P. Hauberg
  16. Brugadas syndrom Jørgen Lange Thomsen (2015)
  17. Danmarks Konger
  18. Kings and Queens of England & Britain

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Eldre norrøne og engelske kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • I dei norrøne kongesogene er Svein Tjugeskjegg er omtala mange stader. Dei fleste av desse vart nedskrivne 200 år eller meir i ettertid, og mykje av opplysningane er mest å rekne for prosa-dikting og er ikkje historisk pålitande.
  • Kyrkjehistorikaren Adam av Bremen skreiv verket «Beretningen om Hamburg stift, erkebiskopenes bedrifter og øyrikene i Norden» (Gesta Hammaburgensis ecclesiae pontificumom) 60-70 år etter at kong Svein Tjugeskjegg levde, er noko meir truverdig, men likevel farga av eit negativt syn på kong Svein, som truleg skuldast rivalisering mellom tyske geistlege og engelske geistlege, som kong Svein helst støtta seg til.
  • Saxo Gramaticus om Svend Tveskjæg, på dansk ved Fr. Winkel Holm. Saxo Grammaticus levde i tida ca.1150-ca.1220.
  • Encomium Emmae Reginae v/Alstair Campbell (London 1949) Verket er ein lovtale til ære for dronning Emma av Normandie. Det vart skrive i åra 1041/1042 og første delen handlar om Svein Tjugeskjegg og erobringa av England. Omtalen av kong Svein (og sonen kong Knut) er utan tvil ei subjektiv framstilling som legg vekt på dei positive sidene ved livet deira.
  • Den angelsaksiske krønika er nedteikna i tid nokså nær hendingane som blir skildra og er rekna for å vere den viktigaste, og truleg mest truverdige, kjelda for tida då dei danske kongane erobra England.
  • PASE The Prosopography of Anglo-Saxon England er ein viktig database der det er samla historiske dokument frå den angelsaksiske tida i England. Her: om Swein I King of Denmark.
  • William of Malmesbury's Chronicle of the kings of England (Gesta regum Anglorum) William av Malmesbury levde i tida ca.1095–ca.1143.
  • The Chronicle of Henry of Huntingdon Henry av Huntingdon levde i tida 1084?-1155.
  • The Chronicle of John of Worcester John av Worcester levde i tida ?- ca.1140.
  • The Chronicle of Florence of Worcester Florence av Worcester levde i tida ?-1118

Andre kjelder[endre | endre wikiteksten]