Emmaus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Møtet på vegen til Emmaus. Måleri av Lars Gallenius (1684) frå Raahe kyrkje i Finland.

Emmaus var ein oldtidsby som låg eit stykke frå Jerusalem i Palestina-regionen. Han er ein viktig stad i kristendommen ettersom Det nye testamentet fortel at Jesus dukka opp for følgjesvenane sin i Emmaus etter at han gjenoppstod.[1][2]

I Lukasevangeliet 24:13 er Emmaus omtalt som ein by 12 kilometer (60 stadiar) eller 32 kilometer (160 stadiar) frå Jerusalem; avstanden varierer mellom ulike bibelversjonar og kommentarverk. Her blir det fortald at Jesus blei sett i Emmaus same dag som han gjenoppstod frå dei døde. To av apostlane møtte han på vegen til Emmaus. Dei gjekk saman og snakka om det som hadde funne stad dei siste dagen. Då dei kom fram til Emmaus bad apostlane Jesus om å bli og eta eit måltid hjå dei. Først då han braut brødet ved måltidet kjende dei han igjen, og då forsvann han.

Namnet Emmaus (gresk Ἐμμαούς, latin Emmaus) er relativt vanleg i klassiske kjelder om Levanten, og er vanlegvis avleidd gjennom gresk og latin frå det semittiske ordet for 'varm kjelde' (hebraisk חמת‎, Hammat; arabisk عِمواس‎, Imwas). Det finst fleire stader som heiter eller har heitt Hama, Hamath og variasjonar av desse namna, både i oldtida og i dagens Midtausten.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nettbibelen: Lukasevangeliet 24:13-35
  2. «Emmaus», Encyclopedia Judaica, Keter Publishing House, Jerusalem, 1972, Vol. 6, s. 726-727
  3. http://biblehub.net/search.php?q=hamath

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.