Endre Ugland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Endre Asbjørnsson Ugland (7. februar 185426. desember 1918) var ein lærar, gardbrukar, handelsmann, brukseigar og stortingsmann for Venstre frå Greipstad i Vest-Agder.

Ugland var son til ein gardbrukar. 1869-70 gjekk han lærarskule i Søgne, og var lærar dei neste seks åra. I 1875 kjøpte han garden Underåsen i Greipstad og dreiv denne. Han var òg landhandlar og trelasthandlar, dessutan eigde han både ei mylne og eit sagbruk som han dreiv. I 1887 selde han garden Underåsen og overtok farsgarden til kona, Stokkeland i Vest-Agder.

Ugland var medlem av heradsstyret i Greipstad 1892-1904 og 1907-10, varaordførar 1896-1901. Han var forlikskommissær frå 1898 og nokre år formann i skulestyret. Elles var han formann i både skogselskapet i amtet og i Vest-Agder folkevæpningssamlag, og ordførar for representantskapet i den lokale sparebanken.

Ugland var 1. varamann til Stortinget både 1903-06 og 1906-09. Perioden 1913-15 og 1916-18 var han Oddernes krins sin stortingsmann, han representerte Venstre. I den fyrste valbolken var han medlem av tollkomiteen og valkomiteen, i den andre av landbrukskomiteen. Han hadde sjukdomsforfall heile 1918-sesjonen, og døydde på tampen av året.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]