Den vesle istida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Temperaturutvikling siste 2000 år

Den vesle istida er ei nemning på ein kjøligare periode som varte frå 1400-talet fram mot midten av 1800-talet. Andre avgrensar den vesle istida til midt på 1600-talet til ut på 1700-talet (engelsk Maunder-minimumet). Det kan ha vore tre temperaturminima i perioden, som nokre meiner var rundt 1660, rundt 1770 og rundt 1850. Den vesle istida sette i gang til ulike tider rundt på jorda og det meste tyder på at den nordlege halvkula vart hardast råka. Perioden var prega av strenge vintrar og mykje nedbør, men vår- og hausttemperaturane var òg lågare enn normalt. Kor mykje temperaturen fall med i snitt er det ulike oppfatningar av, men nokre anslag er inntil ei grad i tilhøve til dagens temperatur. Sjølv om folk ikkje kjende det så godt på kroppen, merkte ein det på avlingane med kortare vekstperiodar.

Dokumentasjon[endre | endre wikiteksten]

Den vesle istida er vorte dokumentert på ulike vis. Før 1600-talet skreiv ein ned informasjon som ein har funne i annalar. Nokre få gardsbrukarar skreiv ei slags dagbok med dato for årets innhausting o.l. Nokre noterte seg når isen eller snøen kom og forsvann. Temperatur-, nedbør- og vindmåling kom noko seinare.

Tidsbestemming[endre | endre wikiteksten]

Det er ikkje noka semje om byrjinga eller slutten på den vesle istida, men ulike forskarar nyttar eit av desse kriteria:

Årsaker[endre | endre wikiteksten]

Forskarar har trekt fram tre årsaker som kvar for seg eller i kombinasjon kan vere årsaka til den vesle istida.

Solaktivitet[endre | endre wikiteksten]

Det er kjent at det i perioden frå 1675-1715 var veldig få solflekkar. Ein hadde òg eit minimum i solflekkaktivitet i perioden 1780-1829.

Vulkanutbrot[endre | endre wikiteksten]

Vulkanen Tambora i Indonesia hadde eit stort utbrot i 1815. I ettertid har 1816 vorte kjent som året utan sommar, det vart rapportert om frost og snøfall fleire gonger i Nord-Europa både i juni og juli. Vulkanutbrot hemmar solinnstrålinga ved at små partiklar svevar rundt i lufta over lengre tid. I heile denne perioden hadde ein uvanleg mange vulkanutbrot.

Svartedauden[endre | endre wikiteksten]

Svartedauden som herja i verda på 1300-talet er nemnt som ei medverkande årsak til den vesle istida. Folkesetnaden i Europa og Asia vart redusert med mellom 25% og 45%, noko som førde til ein nedgang i jordbruket. Dette førde igjen til at gardar og dyrka mark grodde igjen, og den auka skogen førde til at CO2- og metannivået atmosfæren sokk. Drivhuseffekten vart då svakare.

Klimaendringane[endre | endre wikiteksten]

Temperaturane[endre | endre wikiteksten]

Omkring 1850 byrja klimaet å bli varmare, og den vesle istida slutta. Nokre klimaendringskritikarar meiner at klimaet til jorda enno er i ein omstillingsfase etter den vesle istida, og at menneskeleg aktivitet ikkje spelar ei avgjerande rolle i den globale oppvarminga,[1][2] men denne oppfatninga har ikkje større oppslutning. Den vanlege vitskaplege oppfatninga av klimaendringane dei siste 50 åra, er at desse er knytte til auken av CO2 i atmosfæren som kjem av menneskeleg aktivitet. Det er mindre semje om årsaksforholda for tidsperioden før 1950.

Som til alle tider har temperaturen òg før 1750 variert ein god del. Vi har hatt kalde og varme periodar. Det som likevel er interessent er om temperaturen gjennomgåande avveik vesentleg frå middelforholda slik vi kjenner dei i dag. Vi manglar norske temperaturmålingar før 1761. Så for å få instrumentelle data må sjå til utlandet. Ser vi på temperaturmålingar i Midt-England[3] frå år 1700 og fram til i dag, kan temperaturen ikkje ha vore så låg at han kan ha påverka kornproduksjonen i Noreg i nemneverdig grad. Ser vi på sommartemperaturen (juni-august) for Midt-England for perioden 1698-1750 er middelverdien nøyaktig den same som for perioden 1698-1950. Det einaste året med verkeleg dårleg sommar i Midt-England var i 1725. Det er i Noreg likevel rapportert om ein del kalde somrar i einskilde år som i 1740-42, utan at vi finn tilsvarande tilhøve i England.

Nedbørstilhøva[endre | endre wikiteksten]

Veksten i breane er styrt av to tilhøve. Det eine er kor mykje nedbør som fell som snø i løpet av vinteren og av kor mykje som smeltar i løpet av sommaren (sommartemperaturen). Når glasiologane skal forklare veksten i breane har dei ofte rekna nedbørmengdene som konstante, og prøvt å forklare veksten ved å endre på temperaturen. Ein historisk temperaturutvikling basert på eit slikt utgangspunkt treng ikkje å vere rett. Den store jordrasaktiviteten kan ha årsaka si i ein auke av grunnvasstanden som har gjort at skråningar som tidlegare har vore stabile, har vorte ustabile. Når grunnvassstanden har auka kan det skulde auka middelverdiar for nedbøren. Når det i denne tida ofte var store flaumar må vi tru at òg spreiinga av nedbøren har vore større enn i dag.[4]

Istilhøva[endre | endre wikiteksten]

Isprøvar henta frå innlandsisen på Grønland seier ikkje noko spesielt kaldt klima der.[5]

Erik Pontopidan[6] skreiv i 1752-53 ein stad at havet var ope for drivis til 80-82 grader N og ein annan stad til 80 grader N. Dette må vi tru er basert på fleire års røynsle frå ishavsfiskarar som Pontopidan har snakka med. Samanliknar vi med isobservasjonar frå 1970-88 låg drivisen i Barentshavet i middel så langt nord som 80 grader N om lag ein månad i året. Ei isgrense så langt nord som ved 82 grader N er ei uvanleg hending i våre dagar. «Den vesle istida» kan i så fall ikkje ha vore uvanleg kald her.

Isbrear[endre | endre wikiteksten]

Det har vorte rapportert om at isbreane i Noreg voks, og at fleire gardar måtte fråflyttast. Liknande rapportar kjem frå Alpane, New Zealand og Andesfjella. I denne perioden vart dei norske koloniane på Grønland og i Nord-Amerika fråflytta, og på Island fall folketalet kraftig. Det finst mange historier om dårlege år frå både Noreg og Skottland. Charles Dickens skreiv på 1800-talet om kvit engelsk jul som det mest naturlege ein kunne tenkja seg.

Verknadene i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Verknadene i Trøndelag[endre | endre wikiteksten]

Gerhard Schøning rapporterte i 1761[7] om vêrtilhøve i tilknyting til kornveksten i Trøndelag generelt og einskilde bygder i Trøndelag for kvart år i tida 1670-1707. Han skildrar vanskelege år i 1673 (årsak: kraftig hagl), 1674 (regn og kulde), 1675 (flaum), 1684 (hagl), 1685 (kulde), 1687 (tidleg frost), 1691 (sterk og vedvarande varme), 1695 (frost 20.august -«det store froståret»), 1696 (kaldt), 1701 (mykje og langvarig regn), 1702 (mykje regn), 1703 (sterk heite, mykje storm), 1704 (regn og kulde), 1705, 1706 (snø i mars, regn og kulde, hausten var tåkefull og vindfull). Ser vi på årsaker til missvekst er det i åtte år nemnt nedbør i ulike former, sju år kulde og to år heite. Ein har nok i Trøndelag hatt meir å gå på når det gjeld varme enn kalde somrar. Så fordelinga mellom kalde og varme somrar har nok vore noko meir jamn enn desse tala syner. Totalt sett er det nedbøren det vart klaga mest over.

Verknadene i Sogn og Fjordane[endre | endre wikiteksten]

Nigardsbreen

Jostedalen hadde frå 1680-talet til 1706 ein jamn nedgang i busetjinga. Talla på bønder var i første halvdelen av 1700-talet det lågaste på hundre år. På same måte var fleire gardar på Veitastrandi og Mollandsmarki i Luster fråflytta. Problema kring 1706 omfatta heile Luster. Det kan ha vore uår kvart år i perioden 1701 til 1706. Krisa kan vi i tillegg forklare med dei to alvorlege epidemiar i 1701 og 1704 med mange daude. Folk flytta frå dei gardane som låg høgast og var minst robuste mot dårleg vêr. Når folk døydde baud òg høvet seg for bøndene på smågardar å flytte til større og betre gardar. Dette var då ein mekanisme som førde til at verknaden av uåra og epidemiane forsterka seg i Jostedalen, - og i andre delar av Luster med mange små gardar. I 1707 ser ein igjen at det er nye folk på nestan alle smågardane, men ikkje før på 1720-talet var det igjen like mange bønder som på 1680-talet. Neste gong det var uår og epidemiar var i åra 1740 til 1742. No vart barkebrødet teke i bruk igjen i Luster. Frå januar til mars 1744 var det igjen mange daude, med mange vaksne og eldre som døydde.[8]

Vêrskadane kom ofte òg i form av skred, flaumar og brear som voks. Frå 1670-talet hadde nedbørsmengdene auka mykje i tilhøve til tidlegare. Valde i Gaupne var nedlagt i 1704 på grunn av flaumskadar og vinteren 1712-1713 tok elva store delar av Tandle. Stor avsmelting av breen og stor vassføring er nok grunnen til at Jostedalselva tok eit nytt løp i Gaupne i 1748. Denne gongen gjekk det ut over Røneid og Kalhagen. I 1701 var det eit stort fjellras på Leri som gjorde massive skadar. I 1727 vart garden til Torleif på Haganes særs skadd av ras. I 1741 var der flaum og mykje skade på Ormberg, i Åsen, i Elvekrok og på Mjelvær i Jostedalen. I 1743 var det fleire stein- og snøsras samt flaum fleire stader på Hafslo. I denne tida auka Jostedalsbreen og vart større enn nokon gong sidan den siste istida. I 1735 var breen eit steinkast frå garden til Guttorm Mjelvær. På Berset øydela Tverrbreen husa i 1743. Dei neste åra tapte Bjørkehaug heile jorda. Omkring 1748 nådde breen den største utbreiinga si og har sidan ikkje vore så stor. Frå omkring år 1690 til 1748 rykte Tverrbreen (Tuftebreen), fram om lag 2 km med eit gjennomsnitt på om lag 35 meter i året.[9]

I Sogn[10] var det ikkje nokon større skilnad i økonomisk vekst mellom dei indre og ytre strøka i perioden 1666 til 1723, men noko større vekst i indre enn ytre strauk. Det var sterk vekst både i folketal, husdyrtal og kornproduksjon.

Ser vi derimot på Sunnfjord og Nordfjord minka husdyrtalet i same perioden.[11] I Sunnfjord og Nordfjord [12] er det vist at det òg her var hyppige flaumskadar i tida 1650-1760. Flaumskadane kom ofte og i eit omfang som vi ikkje har sett korkje før eller seinare. Det var òg ekstremt mange fjell-, jord- og snøras i desse områda.

Verknadene i Hordaland[endre | endre wikiteksten]

I Odda[13] er det vist at det òg her var hyppige flaumskadar i tida 1650-1760. Flaumskadane kom oftare og i eit omfang som vi ikkje har sett korkje før eller seinare. Det var òg ekstremt mange fjell-, jord- og snøras i desse områda.

Verknadene i Rogaland[endre | endre wikiteksten]

I Rogaland er flaumskadar berre i lita grad omtalt i bygdebøkene. I Årdal[14] vert flaumar omtalte som ein ikkje har sett maken til seinare. Det var i 1727 og 1743. Flaumen i desember 1743 kom av eit valdsamt regnvêr som gav omfattande flaumskadar over store delar av Vestlandet.

Sola finnar ein eit anna fenomen, nemleg sandflukt som gjorde at mange gardar vart skadd og i dei vondaste tilfella lagt øyde i 1668 til 1730.[15] Dei nedlagde bruka på Byberg og Dysjeland vart teke i bruk igjen frå om lag 1760. Vi må tru at sandplaga då var over. Det er nærliggande at årsaka var klimaendringa. Det ut frå at sandflukta fell i tid saman med dei andre endringane i klimaforholda på Vestlandet. For å få sandflukt må vi ha hatt sterk vind. Dette for at sanden frå strendene skulle kunne flyttast inn over dyrka mark. Talet på forlis på Jæren voks utover 1700-talet[16]. Ut frå det så treng ikkje stormhyppigheita å ha vore høg i første halvdelen av hundreåret, men auken i forlis kan òg ha forklaringa si i den auka skipstrafikken. Dersom sandflukta ikkje kom i særs kraftige stormar, må sandflukta ha kome i tørre periodar med framherskande sterke vestlege (sørvest til nordvest) vindar. Dette fordi tørr sand lettare blir transportert av vinden enn våt sand. Dominerande vestlege vindar understøtter òg at temperaturane har vore moderate i denne tida.

Det var ein stagnasjonsperiode på Jæren, medan Ryfylke klarte seg betre. Minst nedbør kjem det over ope hav og på låglandet ute ved kysten som på Jæren, mest der fjellet hevar seg brattast. Vidare austover vil nedbøren minke raskt.[17] Når dei totale nedbørmengdene auka vart nok òg auken fordelt omtrent på same måte. Auka nedbørsmengder gav truleg meir ekstra nedbør i ytre enn enn i indre strøk. Sandflukta som nok òg var klimabestemt har òg vore med på å redusere avlingane på delar av Jæren. Dårlege avlingar i Sola i 1696 vart forklart med store nedbørmengder.[18]

Truleg var klimaet medverkande til stagnasjonen på Jæren, men ikkje heilt avgjerande. Skilnaden mellom indre og ytre strøk i Rogaland kan forklarast med klimaet.

Kritikk[endre | endre wikiteksten]

Frosne elver og enorme isbrear treng ikkje å ha direkte samanheng med den vesle istida. Det avheng av kor varme somrar ein har og kor nedbørsrike vinterane er. Så store brear tyder ikkje naudsynlegvis at det var så frykteleg mykje kaldare.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Steigerwald, Bill (2007-02-10). «The politics of global warming». Pittsburgh Tribune-Review. 
  2. Solomon, Lawrence (2007-03-30). «Little Ice Age is still with us». National Post. 
  3. Manley G : The mean temperature of central England 1698- 1952, Quart. J. of the Royal Meterological Society, 1953. og Wishmann E H : Studiet av Ryfylkes klimahistorie i sein- og postglacial tid, 1979
  4. Arne Kvitrud: "Den lille istida" 1650-1750, Ætt og heim, lokalhistorisk årbok for Rogaland, 1990.
  5. Gribbin J og Gribbin M : Climate and history : the Westvikings' saga, New Scientist 20. januar 1990.
  6. Pontopidan E : Norges Naturlige Historie, 1752-53.
  7. Schøning G : Kort Beretning om endeel Uaar og Misvæxt, særdeles i Trondhiems Stift i Norge, Det Trondhjemske Selskabs Skrifter, 1761.
  8. Arne Kvitrud: Luster i perioden 1700-1749 - Saken mot Skule, 1998.
  9. Arne Kvitrud: Luster i perioden 1700-1749 - Saken mot Skule, 1998.
  10. Holmsen A : Sogn, økonomisk og administrativ historie, 1937
  11. Grove J M og Battagel A : Tax records from western Norway, as an index of Little Ice Age environmental and economic detoriation, 1983
  12. Grove J M og Battagel A : Tax records from western Norway, as an index of Little Ice Age environmental and economic detoriation, 1983
  13. Grove J M og Battagel A : Tax records from western Norway, as an index of Little Ice Age environmental and economic detoriation, 1983
  14. Eikeland S : Årdal, frå istid til nåtid, 1969
  15. Lindanger B : Soga om Sola og Madla, band I, 1980
  16. Lindanger B : Soga om Sola og Madla, band I, 1980
  17. Wishmann E H : Studiet av Ryfylkes klimahistorie i sein- og postglacial tid, 1979
  18. Lindanger B : Soga om Sola og Madla, band I, 1980