Engelbrekt Bruun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Engelbrekt Bruun
Fødd11. desember 1839
Død18. februar 1913 (73 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
BarnGerdt Henrik Meyer Bruun
Alle verv

Engelbrekt Christen Bruun (11. desember 183918. februar 1913) var ein norsk reipslagar og stortingsmann frå Hurdal.

Bruun var son til ein sokneprest. Sjølv vart han utlært til reipslagar, tok sveineprøve i 1859 og meisterprøve to år etter. Frå 1861 til 1897 dreiv han som reipslagar i Bergen, overlet forretninga til ein son. I 1874 starta han saman med ein anna reipslagar Bergens traad- og drevfabrikk.

Bruun var medlem av bystyret i Bergen i tida 1875-83, av formannskapet 1875-78. Etter han let sonen overta reipslagingsverksemda i Bergen, flytta han til ein gard han eigde i Hurdal og budde der livet ut. I Hurdal var han medlem av formannskapet frå 1907.

Bruun var 4. representant frå Bergen på Stortinget 1880-82, medlem av tollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914