Engsyre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Matsyre

Nordens flora Rumex acetosa.jpg

Vitskapleg namn
Rumex acetosa
Utbreiing
Område: Sirkumpolar
Systematikk
Rike: Plantae
Divisjon: Spermatophyta
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Caryophyllales
Familie: Polygonaceae
Slekt: Rumex
R. acetosa

Matsyre er ei fleirårig urt i syrefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.

Fotografi av engsyreblomen.

Planta vert kring 40 cm høg, og har blad som er to-tre gonger så lange som breie, oftast to-tre cm breie. Slirehinna er oppflisa etter heile kanten. Engsyre har open fruktstand. Dei ytre blomsterblada er til slutt bøygde oppmed fruktskaftet. Engsyre er vanleg gjennom heile Noreg, og blomstrar kring mai månad i eng og bakkar.

Denne arten er svært formrik. Fleire av formene har vore skilt ut som eigne artar. Til fjells veks underarten lapponicus. Denne har blad med hjarteforma grunn, oftast ikkje meir enn dobbelt så lange som breie, ofte om lag runde. Slirehinna er berre litt flisa i toppen. På serpentinberg frå Sunnmøre til Nordland og vidare inn i Lycksele Lappmark i Sverige veks underarten serpentinicola, som har smale blad og sterk purpurfarge. Denne er endemisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Engsyre

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
  • Svensk wikipedia.