Epifysen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Konglekjertelen (engelsk Pineal gland)
Plassering i hjernen

Epifysen eller konglekjertelen (latin glandula pinealis) er ein endokrin kjertel om lag så stor som ei halv ert. Han sit som ein utvekst over mellomhjernen. Kjertelen veg 0,1-0,2 gram og produserer hormonet melatonin som er viktig for døgnrytmen til kroppen og, hos mange dyr, for sesongmessige endringar som fargen på fjør og pels, reproduksjon, vinterdvale og migrasjon.

Det var lenge ukjent og omstridt kva funksjon denne kjertelen hadde. Filosofen René Descartes meinte at han var staden for interaksjonen mellom sjel og kropp, mellom det psykiske og det fysiske, sidan ein då trudde at mennesket var det einaste dyret med konglekjertel og sidan det på Descartes' tid var ei allment godteken sanning at berre mennesket har sjel. Vidare gjekk ein ut i frå at sjela ikkje kunne delast, og konglekjertelen var ein av dei få strukturane ein fann i hjernen som ikkje eksisterte i par.

Seinare tids forsking har påvist at konglekjertelen eksisterer hos dei fleste kverveldyr. Hos bruøgle og niauge dannar han eit pinealauge.

Denne delen av hjernen kan verte stimulert under inntak av psykoaktive stoff, til dømes DMT.

Spire Denne medisinartikkelen som har med biologi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.