Melatonin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melatonin sin strukturformel

Melatonin er kroppen sitt svevnhormon. Melatonin vert produsert av serotonin og vert skilt ut av epifysen, òg kalla pinealkjertelen. Denne utskiljing skjer under mørker; melatonin kan kallast òg for mørkehormonet. Når ljos treffer augo, vert melatoninet brote i blodet ned og utskiljing stoggar. Melatonin er sagt å ha ein effekt på såkalla vinterdepresjonar då utskiljinga av melatonin varar i fleire timar om vinteren enn om sumaren, og dette kan medføra trøyttleik og slappheit. Enkel handsaming med ljos, til rette tidspunkt, kan motverka dette, ved at melatonin då vert brote ned.

Melatonin har i tillegg ein verknad som antioksidant, og forsterkar immunsystemet ved å auka produksjonen av kvite blodlekamar, såkalla T-celler. Melatonin har også innverknad på sexlyst hjå nokre dyreartar. Hjå dyr som reproduserer om sumaren, har melatonin ein hindrande (inhiberande) effekt på utskiljinga av LH og FSH frå adenohypofysen slik at sexlysta vert redusert. For dyr som reproduserer om vinteren, er effekten motsett.

Hormonet var fyrst isolert av professor Aaron B. Lerner ved Yale i 1958.

Melatonin sine reseptorar synast å vera viktig i mekanismar for læring og minne hjå myser,[1] og melatonin kan endra elektrofysiologiske prosessar knytt til minne, slik som langsiktig potensering (LTP).

Medan melatonin i mange land er eit handkjøpspreparat (eks. USA og Canada), er det i Noreg reseptbelagt. Melatonin vert brukt i småe dosar (oftast 2 mg. depottablettar) i handsaming av døgnrytmesjukdom, ofte i kombinasjon med ljosterapi.

Frå januar 2008 har Nycomed marknadsført Circadin, ein depottablett som inneheld 2 mg melatonin.[2] Circadin er tilrådd for insomni i pasientar over 55 år.

Melatonin i planter[endre | endre wikiteksten]

Melatonin har vorte identifisert i mange planter, inkludert matrem (Tanacetum parthenium), og johannesurt (Hypericum perforatum).[3]

Melatonin og kreft[endre | endre wikiteksten]

Nattarbeid aukar risikoen for brystkreft. Blant kvinner som har arbeidt skift i over 20 år, er sjansen større for å utvikla brystkreft enn blant kvinner som ikkje jobba skift. Forskarane set kreftrisikoen blant kvinnelege skiftarbeidarar i samanheng med hormonet melatonin som i all hovudsak vert produsert når me søv. Produksjonen minkar når folk vert utsette for ljos.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. John Larson, Ruth E. Jessen, Tolga Uz, Ahmet D. Arslan, Murat Kurtuncu, Marta Imbesi & Hari Manev (January, 2006). «Impaired hippocampal long-term potentiation in melatonin MT2 receptor-deficient mice». Neuroscience letters 393 (1): 23–26. PMID 16203090. doi:10.1016/j.neulet.2005.09.040. 
  2. Nycomed Pressemelding 13.02.2008. Besøkt 11. juni 2008.
  3. Sergio D. Paredes, Ahmet Korkmaz, Lucien C. Manchester, Dun-Xian Tan & Russel J. Reiter (2009). «Phytomelatonin: a review». Journal of experimental botany 60 (1): 57–69. PMID 19033551. doi:10.1093/jxb/ern284. 
  4. Schernhammer E. (June, 2014). «Nighshift work and breast cancer risk - good news, bad news ?». Occupational and Environmental Medicine 71. PMID 25018242. doi:10.1136/oemed-2014-102362.381. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • [1] (på svensk)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]