Erich Maria Remarque

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erich Maria Remarque

Statsborgarskap Tyskland, USA
Fødd 22. juni 1898
Osnabrück
Død

25. september 1970 (72 år)
Locarno

Yrke skribent, romanforfattar, skodespelforfattar, manusforfattar
Medlem av Deutsche Akademie für Sprache und Dichtung
Religion katolisisme
Ektefelle Paulette Goddard, Ilse Jutta Zambona, Ilse Jutta Zambona
Signatur
Erich Maria Remarque på Commons

Erich Maria Remarque er pseudonym for Erich Paul Remark (22. juni 189825. september 1970) — ein tysk romanforfattar som er kjend for sine skildringar i enkelt og kraftfullt språk av liva åt vanlege menneske i skuggen av krigen — særleg frå desillusjonerte soldatar og flyktningar sitt perspektiv. Remarque karakteriserte seg sjølv som ein «militant pasifist».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Erich Paul Remark vart fødd inn i ein katolsk fattig arbeidarklassefamilie i Osnabrück i Niedersachsen i Tyskland den 22. juni 1898. Far hans var bokbindaren Peter Franz Remark og mor hans var Anna Maria Remark, f. Stallknecht. I 1916, atten år gammal, vart han innkalla til militærteneste og send til fronten som tysk soldat under første verdskrigen, der han vart såra fleire gonger. Etter eit rotlaust yrkesliv etter krigen gav han i 1929 ut si mest vidkjende bok, Im Westen nichts Neues (Inkje nytt frå vestfronten). Nazi-Tyskland forbaud bøkene hans og brende dei på bokbål i 1933 — i tillegg til at dei spreidde den usanne propagandaen mot han at han stamma frå franske jødar og at det eigentlege familienamnet hans var Kramer (Remark stava baklengs). Han hadde da budd i Sveits sidan 1931, og i 1939 emigrerte han til USA, der han vart statsborgar i 1947. I 1958 gifte han seg med den tidlegare hollywoodfilmstjerna Paulette Goddard (1911-1990). I 1948 flytte dei til Sveits, der han døydde i Locarno den 25. september 1970.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Im Westen nichts Neues (1929), norsk oms. Intet nytt fra Vestfronten
  • Der Weg zurück (1931), norsk oms. Tider som fulgte
  • Drei Kameraden (1937), norsk oms. Tre kamerater
  • Liebe deinen Nächsten (1941), norsk oms. Du skal elske din neste
  • Die letzte Station, skodespel
  • Triumfbuen (roman)|Arc de Triomphe (1946), norsk oms. Triumfbuen
  • Der Funke Leben (1952), norsk oms. Livsflammen
  • Zeit zu leben und Zeit zu sterben (1954), norsk oms. Først elske – siden dø
  • Der schwarze Obelisk (1956), norsk oms. Den sorte obelisk
  • Der Himmel kennt keine Günstlinge (1961), norsk oms. Himmelen gjør ingen forskjell
  • Die Nacht von Lissabon (1963), norsk oms. Natt i Lissabon
  • Schatten im Paradies (posth. 1971), norsk oms. Skygger i paradis
  • Der Feind, noveller (1993, opprinnelig utg. på engelsk 1930-31), norsk oms. Fienden

Utgjeve posthumt:[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]