Erik Arnesson Riisnæs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Arnesson Riisnæs
Fødd12. april 1819
Død13. februar 1881
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar

Erik Arnesson Riisnæs (12. april 181913. februar 1881) var ein norsk lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Masfjorden.

Far hans var gardbrukar på Risnes i Masfjorden, og kyrkjesongar i prestegjeldet. Sjølv gjekk han årleg 8-14 dagar i skule og vart elles undervist av faren og ei bestemor. I 1835 vart han skulehaldar i Lindås sokn og tre år seinare lærar i fastskulen i fiskeværet Fedje. I 1839 tok han til på seminaret på Stord, eksamen derifrå i 1841. Han vart omgåande tilsett som lærar og kyrkjesongar i Sandnes sokn i 1841 , og tok noko etter over farsgarden Risnes. Han vart i 1880 lensmann i Lindås.

Riisnæs representerte Søndre Bergenhus amtStortinget frå 1857 til 1873. Han var medlem av vegkomiteen 1857, 1859-60 og sekretær i same 1862-63, 1865-73. Vidare var han sekretær i jarnbanekomiteen på omframstortinget 1864 og medlem i same komiteen i 1871. Han var medlem av Lagtinget og valkomiteen 1868-73, i 1869 medlem av røysterettskomiteen.

Han døydde på garden sin i 1881.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914