Erik Ivar Fredholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erik Ivar Fredholm
Fredholm 2.jpeg
Fødd7. mai 1866
Stockholm, Klara församling
Død17. august 1927
Danderyds församling
NasjonalitetSverige
Områdeintegrallikning
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarStockholms universitet
Alma materKungliga Tekniska högskolan
Uppsala universitet
Stockholms universitet
DoktorgradsrettleiarGösta Mittag-Leffler
MedlemKungliga Vetenskapsakademien
Accademia Nazionale dei Lincei
Det kongelege ingeniørvitskapsakademiet

Erik Ivar Fredholm (fødd 7. april 1866 i Stockholm, død 17. august 1927) var ein svensk matematikar.

Han var elev av Magnus Gustaf Mittag-Leffler og vart i 1898 dosent og i 1906 professor i mekanikk og matematisk fysikk ved Stockholms högskola. Dei første arbeida til Fredholm dreidde seg om differensiallikningar og eigenskapane til potensrekkjer. Fredholm er derimot særleg kjend for dei banebrytande arbeida sine over løysinga av integrallikningar. Ei rekkje problem i bruksmatematikk kan førast attende til slike likningar, som i sin enklaste form først vart studert av Niels Henrik Abel.

Eit krater på månen er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]