Gösta Mittag-Leffler

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gösta Mittag-Leffler
Magnus Goesta Mittag-Leffler 1.jpg
FøddMagnus Gustaf Mittag-Leffler
16. mars 1846
Klara församling
Død7. juli 1927
Djursholm
NasjonalitetSverige
Områdematematikk
Yrkematematikar, universitetslærar
InstitusjonarStockholms universitet
Alma materUppsala universitet
DoktorgradsrettleiarGöran Dinner
MedlemRoyal Society
Kungliga Vetenskapsakademien
Det franske vitskapsakademiet
Det sovjetiske vitskapsakademiet
Vitskapsakademiet i St. Petersburg
Det ungarske vitskapsakademiet
Accademia Nazionale dei Lincei
Det russiske vitskapsakademiet
Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL

Magnus Gustaf (Gösta) Mittag-Leffler (fødd 16. mars 1846 i Stockholm, død 7. juli 1927 i Djursholm) var ein svensk matematikar.

Gösta Mittag-Leffler var son av riksdagsmannen Johan Olof Leffler og Gustava Wilhelmina Mittag. Slekta Leffler er ei innvandra borgarslekt frå Breslau, kjent frå 1300-talet. Systera hans Anne Charlotte Leffler (1849-1892) var forfattar, broren Leopold Fredrik Alexander Leffler (stava Läffler; 1847-1921) ein kjend dialektforskar og fonetikar.

Etter studium ved Uppsala universitet fekk Gösta Mittag-Leffler stipend til å reisa i Europa, der han vart ven med mellom andre Charles Hermite og Karl Weierstrass. Han vart utnemnt til professor i matematikk i Helsingfors i 1877 og vart i 1881 den første matematikkprofessoren i Stockholm. Mittag-Leffler var uvanleg produktiv, ved sida av reine matematiske arbeid skreiv han biografiar over kjende matematikarar.

Mittag-Leffler var ein av den svenske matematikken sitt mest fargesterke og påverknadsrike individ. Han virkte som professor ved Stockholms högskola frå 1881, grunnla tidsskriftet Acta Mathematica omkring 1882 og i villaen hans på Djursholm utanfor Stockholm finst i dag Makarna Mittag-Lefflers matematiska stiftelse. Mittag-Leffler medverka òg til å løfte fram mange viktige matematikarar som til dømes Sonja Kovalevskij, Ivar Fredholm og Helge von Koch. I 1872 forsvarte han doktoravhandlinga si Om skiljandet af rötterna till en synektisk funktion af en variabel.

Mittag-Leffler-satsen og Mittag-Leffler-funksjon har namn etter han. På Svalbard er Mittag-Lefflerbreen kalla opp etter matematikaren. Mittag-Leffler er gravlagd på Djursholms begravningsplats.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]