Erika Mann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erika Mann

Fødd9. november 1905
FødestadMünchen
Død27. august 1969 (63 år)
DødsstadZürich
Verka somskodespelar, manusforfattar, skribent, journalist, sjølvbiograf, essayist, filmskodespelar, teaterskodespelar, barnebokforfattar, kommentator, krigskorrespondent
MorKatia Mann
FarThomas Mann
EktefelleGustaf Gründgens, W.H. Auden
SambuarTherese Giehse

Erika Julia Hedwig Mann (9. november 190527. august 1969 i Zürich) var ein tysk skodespelar, kabaretartist, journalist og forfattar.

Erika Mann var dotter av Katia Pringsheim og forfattaren Thomas Mann. I 1933 grunnla ho den politiske kabareten Die Pfeffermühle og heldt antinazistiske foredrag. Ho emigrerte til USA etter den nasjonalsosialistiske maktovertakinga i 1933 og heldt fram kampen mot nazismen som forfattar og journalist.

I tillegg til å arbeide med materialet etter faren Thomas og broren Klaus, etterlét ho seg ei omfattande verkliste med politiske essays, reportasjar, reiseskildringar og barnebøker.

Erika Mann gifte seg med den britiske diktaren Wystan Hugh Auden i 1935, men dette var eit pro-formaekteskap for å gje henne britisk statsborgarskap.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]