Klaus Mann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klaus Mann

Klaus Mann som serjant i den amerikanske hæren, Italia 1944. På veggane heng flygeblad, til dels forfatta av han sjølv.
Statsborgarskap Det tyske keisardømet, Weimarrepublikken, Det tyske riket, USA
Fødd 18. november 1906
München
Død

21. mai 1949 (42 år)
Cannes

Yrke skribent, omsetjar, manusforfattar, litteraturkritikar, journalist, romanforfattar, lyrikar, sjølvbiograf
Sjanger roman, teater, sjølvbiografi, novelle
Far Thomas Mann
Mor Katia Mann
Klaus Mann på Commons

Klaus Heinrich Thomas Mann (fødd 18. november 1906 i München, daud 21. mai 1949 i Cannes) var ein tysk-amerikansk tyskspråkleg forfattar.

Klaus Mann var son av Katia Pringsmann og den tyske forfattaren og nobelpristakaren Thomas Mann. Klaus starta sin litterære løpebane under Weimarrepublikken, og var å rekne som ein outsider ved å omhandle tabulagde tema: i sitt første, svært suksessfylte skodespel, Anja und Esther (uroppført 1925), skreiv han om lesbisk kjærleik og etter at han sjølv var «ute av skåpet», om mannleg homofili i romanen Der fromme Tanz.

Mann emigrerte i 1933. Frå eksiltilværet i USA gjorde han ein nyorientering av verktematikken, og blei ein av dei litteratane som kjempa mot nasjonalsosialismen. Han fekk amerikansk statsborgarskap i 1943. Verka hans blei nyoppdaga i Tyskland fleire år etter at han var død. I dag blir Klaus Mann rekna som ein av dei viktigaste representantane for den tyskpråklege eksilliteraturen etter 1933.

Verk på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Mefisto : roman om en karrière, Oktober forlag, Oslo 1983, 1995. Omsett frå tysk av Ådne Goplen, etterord av Odd Eidem ISBN 82-7094-679-6
  • Vendepunktet : en livshistorie, Oktober forlag, Oslo 1994, 2001. Omsett frå tysk av Sverre Dahl ISBN 82-495-0014-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Klaus Mann