Hopp til innhald

Eriskay

Koordinatar: 57°04′22″N 7°17′27″W / 57.07267°N 7.29077°W / 57.07267; -7.29077
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eriskay
Lokalt namn Eirisgeidh
Geografi
Eriskay is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 57°04′N 7°17′W / 57.07°N 7.29°W / 57.07; -7.29
Øygruppe Ytre Hebridane

Areal 7,03 km²

Høgaste punkt Ben Scrien (185 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane

Demografi
Folketal 133 (2001)
Folketettleik 18,9 /km²

Eriskay (skotsk-gælisk Eirisgeidh, norrønt Eiriksey) er ei øy i Ytre Hebridane i Skottland. Namnet kjem frå det norrøne «Eiriksøya». Ho ligg mellom South Uist og Barra og er knytt til South Uist med ein molo, som opna i 2001. Same året opna ferjekaien for sambandet mellom South Uist og Barra.

Sjølv om er ei liga øy som er 4 km lang og 2 km brei er ho kjend langt utanfor Hebridane. Ho er omtalt i den hebridiske folkesongen Eriskay Love Lilt, Eriskay-ponni og Eriskay-trøye. Den 2. august 1745 la den vesle fregatten «le Du Teillay» til lands med Charles Edward Stuart go sju av mennene hans. Her starta dei Jacobittaropprøret som var dette året.

57°04′22″N 7°17′27″W / 57.07267°N 7.29077°W / 57.07267; -7.29077{{#coordinates:}}: kan ikkje ha meir enn éin primærtagg per side