Erling Braut Haaland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Erling Braut Haaland

FC RB Salzburg versus SV Mattersburg (4. Juli 2019) 29.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juli 2000
Leeds
Idrett fotball
Yrke fotballspelar

Erling Braut Haaland[1] (/ˈhɔːlɑːnd/; fødd Håland 21. juli 2000 i Leeds i Storbritannia)[2] er ein norsk fotballspelar som speler for den tyske klubben Borussia Dortmund.[3]

Han er son av tidlegare landslagsspelar i fotball Alf-Inge Håland og Gry Marita Braut.[4]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Haaland gjekk gradene som spelar i Bryne Fotballklubb og blei seld til Molde FK i januar 2017. Bryne FK hadde då sikra seg ein klausul om ein andel ved eventuelt vidaresal av spissen.[5]

Haaland fekk gjennombrotet sitt på det øvste nivået i Noreg hausten 2017, og det var stilt store forventningar til han før sesongstart 2018. Mykje av sesongoppkøyringa blei spolert av at han fekk lungebetennelse og blei liggande på sjukehus medan lagkameratane spelte treningskampar. Han overtyda likevel då serien starta og spelte også for Noregs G19-landslag på vårsesongen.[6]

Klubblag[endre | endre wikiteksten]

Utanlandske fotballklubbar viste etter kvart interesse for Haaland, og etter at han hadde skåra fire mål borte mot serieleiar Brann 1. juli 2018, medgav Molde-trenar Ole Gunnar Solskjær at det var kome inn bod på den unge spissen.[7] Det var Red Bull Salzburg som kapra underskrifta hans, og han blei knytt til klubben i starten av 2019. På våren blei det berre fem kampar fordelt på serie, cup og internasjonalt. Men frå sommaren blei han med for fullt, og han gjorde verkeleg furore på laget med svært overtydande spel og mange skåringar.

Haaland sjokkerte fotball-Europa og skreiv seg inn i UEFA-historia då han som den yngste noko sinne, sette hat-trick i løpet av ein omgang (den fyrste) i debuten sin i Mesterligaen 17. september 2019 og slik bidrog vesentleg til at Red Bull Salzburg slo KRC Genk heile 6-2.[8]

29. desember 2019 skreiv han under ein kontrakt med Borussia Dortmund fram til 30. juni 2024.[9]

18. januar 2020 scora han tre mål i sin fyrste kamp for Borussia Dortmund, etter at han kom inn i det 57. speleminuttet.[10][11] Etter at han seks dagar seinare følgte opp med to mål på rundt 20 minutt i sin fyrste heimekamp for klubben, representerte dette skåringsrekord per spelt tid for tysk Bundesliga med samla fem mål på 57 minutt.[12]

18. februar 2020 skåra han to mål mot PSG i Mesterligaen og blei spelaren som raskast har skåra 10 mål i turneringa. Han brukte sju kampar, fire færre enn den førre rekorden.[13]

Landslag[endre | endre wikiteksten]

Erling spelte alle kampane for Norges G19-landslag i fotball under U19-EM 2018 i Finland.[14][15]

Han blei tatt ut i Norges tropp til U20-VM 2019 i Polen.[16][17] Han skåra berre i ein av dei tre kampane, mot Honduras, men til gjengjeld heile ni gonger. Trass denne ekstreme prestasjonen rauk Noreg ut etter dei tre innleiande kampane.

27. august 2019 blei han tatt ut i sin fyrste seniorlandslagstropp for Norge i kampane mot Malta og Sverige,[18] og 5. september 2019 fekk han sin fyrste landskamp for Norge mot Malta.[19]

Kåringer og priser[endre | endre wikiteksten]

Erling Braut Haaland fekk i 2018 «Nettavisen-prisen» som årets unge spelar i Eliteserien.[20] I 2019 blei han kåra til årets spelar i Austerrike[21], og fekk også prisen for «årets gjennombrot» i under Idrettsgallaen 2020.[22]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Derfor byttet han fra Håland til Haaland». Dagbladet.no. 19. september 2019. 
  2. «Erling Haaland - Player profile 19/20». www.transfermarkt.com (på engelsk). Henta 19. februar 2020. 
  3. BVB verpflichtet Erling Haaland
  4. Moldes stortalent kan bli solgt til Italia Dagbladet
  5. Bryne kan tjene 15-20 millioner på Håland-salg VG
  6. Moldes stjerneskudd lå flere uker på sykehus før sesongstart VG
  7. Erling (17) scoret fire mål foran speider fra Manchester United TV2
  8. Bårtvedt, Hans Henrik (17. september 2019). «Haaland tremålshelt i ellevill førsteomgang». NRK. Henta 17. september 2019. 
  9. BVB verpflichtet Erling Haaland
  10. BVB dreht klaren Rückstand und siegt mit 5:3 in Augsburg
  11. Haaland scoret hat trick i Dortmund-debuten – matchvinner på sensasjonelt vis
  12. Arve Lote, Caroline Simonsen (24. januar 2020). «Haaland: – Det er sånn du drøymer om når du er liten». NRK. Henta 25. januar 2020. 
  13. Ingen har scoret ti mesterliga-mål raskere enn Haaland: – En naturkraft, et dyr nrk.no Lese 19. februar 2020
  14. G19: EM-troppen er klar
  15. UEFA: Norges resultater under U19-EM
  16. Her er U20-landslagets VM-tropp
  17. Presentasjon av U20-landslagets VM-tropp
  18. Her er Norges landslagstropp mot Malta og Sverige
  19. Berge og King scoret da Norge slo Malta
  20. Disse vinner Nettavisen-prisen 2018
  21. «Braut Haaland kåret til årets spiller i Østerrike». TV 2. 18. desember 2019. 
  22. «Haaland fikk prisen «årets gjennombrudd»». VG. 4. januar 2020.