Red Bull Salzburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

FC Red Bull Salzburg, opphavleg SV Austria Salzburg, er ein fotballklubb i Wals-Siezenheim i forbundslandet Salzburg som spelar i toppdivisjonen i Austerrike. Grunna avgrensingar i sponsorverksemda vert klubben kalla FC Salzburg og nyttar eit tilpassa klubbmerke når han deltek i UEFA-tevlingar.

Klubben SV Austria Salzburg vart danna då klubbane Rapid Salzburg og Hertha Salzburg slo seg saman i 1933. Tjue år seinare rykte Austria Salzburg for fyrste gong opp i den øvste divisjonen i Austerrike. I 1994 vann klubben den fyrste av hittil (2013) sju seriemeisterskapar. Same sesongen, 1994, spela Casino Salzburg, det dåverande namnet på klubben, seg fram til finalen i UEFA-cupen. Motstandarlaget i finalen, Inter frå Milano, vann begge finaleoppgjera med 1-0. Red Bull Salzburg vann i 2012 den austerrikske cupfinalen for aller fyrste gong.

Firmaet Red Bull, som har hovudsete i Salzburg, kjøpte fotballklubben Austria Salzburg i 2005. Selskapet kalla klubben opp etter firmaet og endra klubbfargane frå tradisjonelle lilla og kvitt til raudt og kvitt, for at desse skulle samsvare med fargane i firmamerket.

Klubben har sidan 2003 spela heimekampane på Red Bull Arena, eit stadionanlegg med plass til 31 000 tilskodarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]