Esquilinhøgda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Esquilinhøgda
ås
Esquilino - tempio di Minerva medica - Horti liciniani 2059.JPG
Minerva Medica-tempelet på Esquilinhøgda
Land Flag of Italy.svg Italia
Del av Dei sju høgdene i Roma

Esquilinhøgda
41°53′44″ N 12°29′48″ E
Wikimedia Commons: Rione XV - Esquilino

Esquilinhøgda er ei av dei sju høgdene i Roma. Den sørlegaste toppen heiter Oppius.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til namnet Esquilino vert framleis mykje debattert. Ein teori er at åsen vart kalla opp etter dei mange steineikene, exculi, som stod her. Ein annan teori er at like etter Roma vart grunnlagd så var Kapitol, Palatinerhøgda og dei nordlege delane av Celio som var busett. Desse innbyggjarane vart rekna som inquilini, 'innanbys', medan innbyggjarane utanfor desse områda vart rekna som exquilini, 'utanbys'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Åsen stig opp frå dalen der Colosseum seinare vart bygd og var eit fasjonabelt bustadområde. Ved åsen Oppius konfiskerte keisar Nero ein eigedom for å bygge sitt ekstravagante, kilometerlange Domus Aurea,[1] og seinare bygde Trajan badet sitt her. Restane av begge er framleis synleg i dag. Lenger nordaust, ved toppen Cispius ligg Basilikaen Santa Maria Maggiore.

I 1781 vart marmorstatuen av ein diskoskastar, den såkalla Discobolus av Myron, oppdaga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leland M. Roth (1993). Understanding Architecture: Its Elements, History and Meaning (1 utg.). Boulder, CO: Westview Press. s. 227. ISBN 0-06-430158-3. 

Koordinatar: 41°53′44″N 12°29′48″E