Essen-krona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krona i skattkammeret til Essen domkyrkje, med safiren fremst.
Krona som del av utstillinga Gold vor Schwarz i 2008

Essenkrona (tysk Essener Krone) er ei gullkrone frå Det ottonianske dynastiet som no høyrer til skattesamlinga i Essen domkyrkje (Essener Domschatz). Det blei tidlegare sagt at dette kunne vera krona som den tre år gamle Otto III blei krona Konge av romarane med i 983. Dette gjorde at ho blei kalla Barnekrona til Otto III (Kinderkrone Ottos III). Denne ideen stammar mest sannsynleg frå ønsketenkinga til historikarar i Essen frå det tidlege 1900-talet, og er no allment avvist. Uansett er ho den eldste overlevande liljekrona i verda.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Krona har ei form som minnar om eit bysantinsk diadem. Hovudbandet er 3,5 cm vidt, og krona har no ein diameter på 12,5 cm, etter å ha blitt justert for å passa hovudet til Gulljomfrua av Essen. Rundt heile kanten av krona er det sett inn edelsteinar. Hovudbandet er laga av gull som er blitt betydeleg legert med sylv; eit anna band av reint gull er blitt er blitt lodda på utsida. Ein kan også sjå ein støttande ring av jern på utsida.

Den øvre og nedre kanten av krona er dekorert med perler tredde på ein metalltråd festa til eit band av metallringar. Fleire perler og smykkesteinar er brukte til å dekorera hovuddelen av krona og liljene som står opp frå henne, med særskild dyrebare steinar plasserte like under liljene. Nokre av høgdepunkta er ein gravert stein frå seinantikken som viser hovudet til Medusa og ein safir i ein trikanta gullring framme på krona.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavet til krona er uklart. Lenge blei det hevda at krona var blitt laga for kroninga av Otto III i 983, og var blitt gitt i gåve til Essen kloster av han. Essen kloster var lenge leia av abbedisse Mathilde, som var eit barnebarn av Otto I, og hadde eit særskild nært forhold til den ottonianske kongefamlien. Dette kan ein sjå ut frå betydelege donasjonar gjevne av kongane til klosteret, og også i det faktumet at systera til Otto III (som til liks med abbedissa òg heitte Mathilde) blei utdanna i Essen. I byrjinga av februar 993 vitja Otto III Essen kloster ved kyndelsmesse, og lokalhistorikarar meiner at han då gav det to store donasjonar.

Den fyrste gåva hans var eit sverd av damaskusstål som truleg var blitt laga i 950 og har teikn på bruk på bladet. Dette sverdet blei æra, truleg på grunn av den tidlegare eigaren sin, og det blei laga ei kostbar gyllen slire til det i Essen. I seinare tider blei sverdet kjent som sverdet til helgenane Cosmas og Damian, og blei teke med i det borgarlege våpenskjoldet til Essen.

Den andre gåva til Otto III kan ha vore gullkrona. Det finst ikkje dokumenterte prov på dette, men det finst omstendeargument som talar for det. For det fyrste kan ein gjennom kunsthistoriske samanlikningar datera krona datert til slutten av 900-talet. Eksistensen av den jernforsterkande ringen er halde som bevis på at krona var blitt omarbeidd for hovudet til den gylne jomfruestatuen, og derfor opphavleg var blitt utforma for eit anna formål, som det blei konkludert med at berre kunne ha vore kroninga av eit barn, sidan ho framleis ville ha vore for lita for ein vaksen. Kroninga av Otto III i 983 i Aachenkatedralen er den einaste barnekroninga som fann stad i den rette tidsperioden. Vidare er mellomalderskikken med å krona ein statue av Jomfrua den 2. februar under mikkelsmesse fyrst stedfesta frå Essen. Dermed blei det antyda at praksisen var til minne om tildelinga av krona til klosteret under besøket til Otto i Essen i byrjinga av februar 993, som ville ha falle saman med festdagen.

Moderne datering plasserer modifikasjonen av krona til midten av 1000-talet. På den tida blei fleire av kunstverka i Essen modifisert: Theophania-krossen og Theophania-relikviet av den heilage nagla var dekorert emalje, og glorien til den gylne jomfrustatuen som gjorde det vanskeleg å krona statuen blei fjerna. Dette tyder på at kroningsritualet oppstod berre litt før dette, truleg rundt 1040/50

Krona på eit frimerke (1988)

I dagens forsking går ein gjerne ut frå at sjølve krona kan daterast til byrjinga av 1000-talet på grunn av dei dekorative elementa, kjende som liljer og bikubar, som liknar mykje på kunstverk laga på Henrik II si tid. Slike kunstverk i Essen domkyrkje sitt skattkammer inkluderer endane av krossen med dei store emaljane, som ein går ut frå blei skapte under abbedisse Sophia (1011–1039). I så fall ville krona opphavleg ha blitt laga for den rituelle kroninga av den gylne jomfrustatuen. Vidare gjer regelmessigheiten til dekorasjonen til krona det usannsynleg at ho nokon gong faktisk blei endra i storleik. No blir krona nokre gonger til og med datert til siste halvdel av 1000-talet.

I 1988 blei krona avbilda på eit frimerke med tilleggsverdi av Deutsche Bundespost som eit framifrå døme på ottoniansk gullsmedkunst.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Georg Humann. Die Kunstwerke der Münsterkirche zu Essen. Schwann, Düsseldorf 1904, s. 261–266.
  • Alfred Pothmann. "Der Essener Kirchenschatz aus der Frühzeit der Stiftsgeschichte." I: Herrschaft, Bildung und Gebet. Gründung und Anfänge des Frauenstifts Essen. Klartext, Essen 2000, ISBN 3-88474-907-2, s. 135–153.
  • Birgitta Falk. "Essener Krone" In Gold vor Schwarz. Der Essener Domschatz auf Zollverein, red. Birgitta Falk, Exhibition Catalog 2008. Klartext Verlag, Essen 2008, ISBN 978-3-8375-0050-9, s. 92–93.