Esslingen am Neckar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Esslingen am Neckar
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Esslingen am Neckar
Esslingen am Neckar is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Stuttgart
Esslingen
Først nemnd i 777
Geografi
Flatevidd
 - By

46,43 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

88 295
  1 902/km²
Koordinatar 48°44′0″N 9°19′0″EKoordinatar: 48°44′0″N 9°19′0″E
Høgd over havet 241 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 73728–73734
Telefon-retningsnummer 0711
Bilnummer ES
Heimeside: www.esslingen.de

Esslingen am Neckar er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 88 000 innbyggjarar. Byen er òg sete for landkreisen Esslingen. Esslingen ligg ved elva Neckar, 10 km frå sentrum av Stuttgart.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart først nemnd i 777 som Ezelinga i testamentet til abbed Fulrad frå Saint-Denis (nær Paris), prest for Pippin og Karl den store. Han førte òg leivningane av St. Vitalis til Esslingen, noko som gjorde staden til eit mål for pilegrimar og som førte til at byen voks.

Rundt år 800 vart Esslingen ein kjøpstad og i 866 fekk han markedsrettar. Esslingen fekk byrettar i 1229 og vart i 1298 ein fri keisarby. Protestantismen vart innført i 1526. I 1803 mista Esslingen statusen sin som fri keisarby og vart ein del av hertugdømet Württemberg.

Esslingen slapp unna dei kraftige bombeåtaka under den andre verdskrigen og i 1945 vart han okkupert av amerikanske soldatar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Esslingen am Neckar