Neckar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Neckar
elv
Neckar nær Heidelberg.
Land Tyskland Tyskland
Nedslagsfelt 13 934 km²
Lengd 362,3 km
Middelvassføring 145 /s
Kjelde Schwarzwald
 - høgd 705 moh.
Munning Rhinen
 - høgd 136 moh.
Kart
Neckar
49°30′43″ N 8°26′14″ E
Wikimedia Commons: Neckar

Neckar er ei elv i Hessen og Baden-Württemberg i Tyskland. Ho er ei av dei store sideelvane til Rhinen, som ho møter i Mannheim frå høgre, og har ei lengd på 367 km. Ho har sitt utspring i Schwarzwald nær Villingen-Schwenningen i det verna området Schwenninger Moos 706 meter over havet. Frå her renn ho gjennom Tübingen, Nürtingen, Esslingen, Stuttgart og Heilbronn.

Langs elvedalen i Odenwald ligg det mange slott, som Burg Hornberg og Burg Guttenberg, men òg det nedlagde atomkraftverket Obrigheim, som ein skal rive ned før 2023. Etter å ha passert Heidelberg har Neckar ei vassføring på 145 m³/s i snitt, som gjer elva til den fjerde største sideelva til Rhinen, og den tiande største i Tyskland.

Namnet Neckar kom via Nicarus og Neccarus frå det keltiske ordet Nikros, som tyder «vill elv» eller «ein vill kar». Sidan om lag 1100 vart det transportert tømmer frå Schwarzwald på elva, t.d. til Nederland og skipsverfta der. På 1800-talet vart dei tradisjonelle hestedrivne taubåtane erstatta av dampskip som nytta ei 155 km lang kjede til å dra seg oppover elva. Jernbanen gjorde det mogeleg å transportere tømmer til hamna i Heilbronn, og tømmerfløting vart derfor berre drive med i dei nedre delane av Neckar etter 1899. På grunn av 11 sluser kunne skip på opp til 1 500 tonn gå opp til Heilbronn i 1935. I 1968 vart dei siste 27 slusene ved Deizisau ferdigstilt, slik at Neckar vart framkommeleg for lasteskip 200 km oppover elva frå Mannheim til elvehamna i Plochingen, der elva Fils munnar ut.

Det er populært å sykle langs elva, særleg i sommarmånadane. Dei bratte dalsidene vert nytta til dyrking av vindruer, hovudsakleg til å lage Trollinger.

Byar langs Neckar[endre | endre wikiteksten]

Speglbilete i Neckar av hus i Tübingen

Frå kjelda til munningen i Rhinen:

Største sideelvar[endre | endre wikiteksten]

Neckar i Tyskland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]