Esther

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Presidentdottera Esther Cleveland.
Esther Mujawayo, rwandisk forfattar.
Foto: Manfred Werner

Ester og Esther er kvinnenamn av hebraisk gjennom persisk opphav. Det er avleidd frå det hebraiske ordet sitareh, 'stjerne'. Namnet er også blitt knytt til gudinna Ishtar. Ester har namnedag den 24. mai.

Ester har ulike former i mange språk, til dømes irsk Eistir, russisk Esfir/Jesfir, fransk Estée, polsk Estera, finsk Esteri, ungarsk Eszter og engelsk Hester. Det har kortformer som engelske Essie, Esta, Etty og Hettie, og ungarske Eszti.

Namnet er særleg knytt til den bibelske dronning Ester, som har ein viktig plass i jødisk tradisjon, og er eit utbreidd jødisk namn. Det har hovudsakleg blitt brukt blant kristne sidan reformasjonen.

I USA blei namnet populært etter presidenten Grover Cleveland fekk dottera Esther i 1893.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]