Hopp til innhald

Eugéne Schoulgin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eugéne Schoulgin

StatsborgarskapNoreg
Fødd19. april 1941 (85 år)
Oslo
Yrkeskribent
FarAlexander Schultz
DebutKaninburene (1970)
Eugéne Schoulgin på Commons

Eugéne Schoulgin (fødd 19. april 1941) er ein norsk forfattar busett i Sverige. Han er son av målaren Alexander Schultz, og voks opp i Noreg, Italia og Frankrike.

Han har i lengre tid arbeidd aktivt for International P.E.N., mellom anna med å få frigjeve forfattarar som sit i fengsel på grunn av bøkene sine eller andre samvitsgrunnar og for å fremja retten til ytringsfridom for skribentar. Den fyrste boka si, Kaninburene, fekk han utgitt i 1970. I 1985 vart han nominert til Nordisk Råds litteraturpris for romanen Minner om Mirella.

I 2006 vart han utnemnd til statsstipendiat for sitt arbeid med P.E.N.

  • 1970 Kaninburene
  • 1971 Krutthuset
  • 1974 Den dagen snøen kom
  • 1977 Glassmaleren
  • 1984 Minner om Mirella
  • 1988 Federico - Federico!
  • 1997 Salto mortale