Eurico Gaspar Dutra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurico Gaspar Dutra

Fødd18. mai 1883
Cuiabá
Død11. juni 1974 (91 år)
Statsborgar avBrasil
Yrkepolitikar, militær
Utdanna vedAcademia Militar das Agulhas Negras
EktefelleCarmela Dutra
Alle verv
  • Brasils president (1946–1951)
  • Krigsminister (1936–1945) Sjå dette på Wikidata

Eurico Gaspar Dutra (18. mai 188311. juni 1974) var ein brasiliansk politikar knytt til partiet Partido Social Democrático.

Frå 31. januar 1946 til 31. januar 1951 var han president i Brasil. Han hadde som krigsminister tvunge forgjengaren sin, den diktatoriske presidenten Getúlio Dornelles Vargas til å trekkje seg. Dette skjedde av di ein frykta at Vargas, etter ei regjeringstid på 15 år (1930-1945), der han aldri hadde blitt vald - og berre hadde hatt legitimitet gjennom militæret, trass i lovnader om det motsette, likevel ville stille til val som president i 1945.

Motorvegen mellom São Paulo og Rio de Janeiro (BR-116/SP-60) er oppkalla etter Dutra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • McCann; Frank D. Soldiers of the Patria: A History of the Brazilian Army, 1889–1937 Stanford University Press 2004, side 441, nest siste avsnitt Se på Google Books

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Eurico Gaspar Dutra