Eurojackpot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over land som er med i Eurojackpot-samarbeidet

Eurojackpot er eit lotteri spelt i fleire europeiske land. Spelaren skal velja fem tal mellom 1 og 50 (hovudtal) og to tal mellom 1 og 10 (stjernetal).

Den fyrste trekninga i Eurojackpot fann stad 23. mars 2012 i Finland. På dette tidspunktet var Tyskland, Finland, Danmark, Slovenia, Italia, Nederland og Estland med i samarbeidet. Noreg vart med 1. februar 2013, i lag med Island, Litauen, Kroatia, Latvia og Sverige.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Historie». Norsk Tipping. Henta 14. april 2019. 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.