Europaligaen 2018

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europaligaen 2018 var ei internasjonal fotballturnering for klubblag som av ulike grunnar ikkje var kvalifisert seg til utslagsrundane i Meisterligaen. I finalen i Europaligaen 2018 i Lyon i Frankrike vann Atlético Madrid 3-0 over Olympique Marseille frå Marseille.

Turneringa byrja med seriespel for 48 lag i grupper à fire lag. Dei to beste laga i kvar av gruppene gjekk så vidare til cupspel, til dette cupspelet kom òg laga på tredjeplass i gruppespelet i meisterligaen. Etter fire cuprundar vart europaligaen avslutta med finale. Vinnarlaget Atletico Madrid slo i cuprundane etter tur ut OGC Nice, Lokomotiv Moskva, Sporting Lisboa, og Arsenal FC frå London. Finalist Olympique Marseille sette på si side ein stoppar for Sporting Braga, Athletic Bilbao, RB Leipzig og Red Bull Salzburg, den siste etter ekstraomgangar på bortebane.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Lagoppstillingane, Atlético Madrid i raude og kvite striper

55 768 tilskodarar såg finalen på Parc Olympique Lyonnais i Lyon den 16. mai 2018. Den franske angrepsspelaren Antoine Griezmann gav Madrid-laget leiinga i det 21. minutt og la på til 2-0 i det 49. minutt. Få minuttar før dommaren bles av kampen fastsette kapteinen Gabi Fernández sluttresultatet til 3-0.

Vinnarlaget Atlético Madrid opna med: Jan Oblak, Šime Vrsaljko, José María Giménez, Diego Godín, Lucas Hernandez, Ángel Correa, Gabi Fernández, Saúl Ñíguez, Koke Resurrección, Antoine Griezmann og Diego Costa. Juanfran Torres kom inn i staden for Vrsaljko etter pausen, Thomas Partey og Fernando Torres entra bana i sluttminuttane, ut gjekk Correa og Griezmann.

Olympique Marseille mønstra: Steve Mandanda, Bouna Sarr, Adil Rami, Luiz Gustavo, Jordan Amavi, André-Frank Zambo Anguissa, Morgan Sanson, Florian Thauvin, Dmitri Payet, Lucas Ocampos, Valère Germain. Maxime Lopez, Clinton N'Jie og Kostas Mitroglu vart sett inn etter høvesvis 32, 55 og 74 minuttars spel, ut gjekk etter tur ein skadd Payet, Ocampos og Germain.

Björn Kuipers frå Nederland dømde finaleoppgjeret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]