Göran Claeson frå Sverige vart europameister, framom fem nederlendarar. Norske Terje Andersen var bestemann på 500 meter og Claeson det same på 1500 m, medan nederlendaren Jappie van Dijk vann både 5000 m og milløpet. Sten Stensen gjekk inn til bestetid (15,26,2) på 10000 meter, men vart diskvalifisert for feil veksling: Om ikkje hadde han vorte andremann i meisterskapen.