Evrydike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Eurydike)
Orpheus og Eurydice, måleri av Christian Gottlieb Kratzenstein (1806), Ny Carlsberg Glyptotek, København
Den døyande Eurydice, skulptur av Charles-François Lebœuf (1822).

Evrydike (gresk: Εὐρυδίκη, Eurudikē) er i gresk mytologi ei nymfe eller ei av døtrene til Apollon. Ho var gift med Orfevs, som prøvde å føra henne tilbake frå dødsriket ved hjelp av den fortryllande musikken sin.

Den tradisjonelle soga[endre | endre wikiteksten]

Orphée ramenant Eurydice des enfers av Camille Corot, 1861.

Evrydike var gift med Orfevs som elska henne høgt. På bryllaupsdagen deira spelte han muntre songar, medan brura hans dansa gjennom enga. Ein satyr oppdaga henne og forfølgde henne til ho trakka på ein giftig slange og døydde. Forstyrra av sorg spelte Orfevs og song så tungt og sørgjeleg at alle nymfene og gudane gret med han. Dei bad han reisa til underverda og henta henne tilbake. Musikken hans opna hjarta til Hades og Persefone, songen hans var så søt at sjølv erinnyene gret, og han fekk ta med seg Evrydike tilbake til verda til dei levande.

I ein annan versjon spelte Orfevs på lyra si for å få Kerberos, den fryktelege vakthunden til Hades, til å sova etter at Evrydike hadde fått lov til å reisa tilbake med Orfevs til dei levande. I begge tilfelle var vilkåret at han måtte gå føre henne og ikkje sjå seg tilbake før begge to hadde nådd fram til den ytre verda. Men jo lengre dei gjekk fekk han tvil om ho faktisk var der og at Hades hadde lurt han. Nett då han hadde nådd fram til porten i underverda og dagslyset utanfor, snudde han seg, og straks forsvann Evrydike tilbake til underverda. Då Orfevs seinare blei drepen av mænadane som følgde vinguden Dionysos, enda sjela hans i underverda der han blei gjenforeint med Evrydike.

Myten[endre | endre wikiteksten]

Forteljinga i denne forma tilhøyrer Vergil si tid, som fyrst introduserte namnet Aristaios som den som forårsaka døden til Evrydike.[1] Andre forfattarar i antikken snakkar om Orfevs si reise til underverda i eit langt meir negativt lys. Ifølgje Faidros i Platon sitt Symposium, presenterte gudane i underverda berre eit gjenferd av Evrydike for han.[2] Ovid seier at Evrydikes død var ikkje grunna at ho flykta frå Aristaios, men at ho dansa med najadene på sin bryllaupsdag. Faktisk er Platons representasjon av Orfevs til han av ein feiging; i staden for å velja å døy for å vera saman med sin elska, spotta han gudane ved å gå til Hades og prøva å få henne tilbake til livet. Ettersom kjærleiken hans såleis ikkje var «sann», ved at han ikkje var villig å døy for han, blei han straffa av gudane.

Forteljinga om Evrydike kan vera av eit seint tillegg til myten om Orfevs. Særleg namnet Evrydike («ho viss rettferd strekkjer seg langt») hentar fram kulttitlar knytt til Persefone. Myten kan vera avleidd frå ei anna Orfevs-legende der han reiser til Tartaros (ein del av underverda) og sjarmerer gudinna Hekate.[3]

Liknande soger[endre | endre wikiteksten]

Forteljinga har også sterke parallellar til den japanske myten om Izanami forutan også mayamyten om Itzamna og Ix Chel, dessutan den indiske myten om Savitri og Satyavan, den akkadiske/sumerske myten om Inannas nedstigning til underverda, og den bibelske forteljinga om Lot og hustrua hans som snudde seg og vart forvandla til ei saltstøtte.

Andre[endre | endre wikiteksten]

Det finst også fleire med likelydande namn i gresk mytologi og litteratur, mellom anna Eurykleia eller Evrydike av Theben, gift med Kreon, konge av Theben. Ho opptrer kortfatta i Sofokles sin tragedie Antigone, der ho drep seg sjølv etter å ha fått høyra at sonen hennar Haimon og hans trulova Antigone begge er døde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lee, M. Owen (1969): Virgil as Orpheus: A Study of the Georgics, State University of New York Press, Albany, s. 9.
  2. Symposium 179d
  3. Graves, Robert (1955): The Greek Myths, Penguin Books Ltd., London, bind 1, kapittel 28, «Orpheus», s. 115.