Orfevs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Orfevs er namnet på ein segngjeten skald i gresk mytologi. Han skulle ha vore son av guden Apollon og musen Kalliope. Han er ofte dregen fram som døme på fager tonekunst. Forteljinga om han er skriven ned av Ovid i metamorfosar.

Orfevs og Evrydike[endre | endre wikiteksten]

Orfevs var frå Thrakia, og skulle ekte nymfa Evrydike. I dette bryllaupet var det og ein kar som heitte Aristeas, som trådde etter Evrydike. Då ho rømde frå han, vart ho biten av ein slange, og døydde av eiteren. Orfevs bar ikkje tanken på at Evrydike var daud, og fann vegen ned til Hades, der han spela så vent at sjølve dødsguden gav etter og let Evrydike gå, men berre på det vilkåret at Orfevs skulle gå føre og ikkje snu seg før han var oppe i dagen. Dette lova Orfevs, men før han var komen heilt opp, snudde han seg, og Evrydike kvarv. Etter dette spela Orfevs for seg sjølv, til han vart teken av bakkantiske kvende, og riven i filler. Hovudet hans heldt fram med å synge, seier segna.

Seinare utnytting[endre | endre wikiteksten]

Orfevs-segna var mykje fortald og skriven av, både i klassisk tid og i nyare tid. Sjølve det musiske draget i forteljinga gjorde at Orfevstradisjonen vart knytt til ein særleg mysteriekult i seinantikken: Dei orfiske mysteria. Han er vist til mange stader, og då renessansen kom, og Ovid vart lesen på nytt, vart forteljinga om Orfevs utnytta som førelegg for den første Operaen av Claudio Monteverdi - som let forteljinga ende godt. Seinare har fleire andre komponistar og skrive opera over denne soga.

I Engelsk mellomaldertradisjon er segna fortald slik at Orfeo er vorten ein riddar som berger møya si frå alvekongen i hans land. Sir Orfeo er mellom anna omsett av J. R. R. Tolkien.

I nordisk balladetradisjon er forteljinga om Orfevs mint i songar som Villemann og Magnhild eller Gudmund og Signeliti, der helten spelar jenta fri frå eit vasstroll, ein havmann eller nykken. Desse balladane hallar sterkt mot den engelske tradisjonen.

I nyare tid er stoffet utnytta av Neil Gaiman, som let Orfevs vera son av The Sandman eller Draum av dei evige. I denne versjonen er hovudet hans vakta av eit presteskap, som held han løynd i mange tusen år. Denne teikneserien siterar og Ovid.