Eva Fett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eva Fett
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. april 1910
Død

5. februar 2003 (92 år)

Yrke arkeolog
Ektefelle Per Fett

Eva Nissen Fett (30. april 19105. februar 2003), opphavleg namn Eva Nissen Meyer, var den fyrste kvinnelege arkeologen i Noreg, med magistergrad frå Universitetet i Oslo i 1933 med avhandlinga Relieffspenner i Norden[1]. Ho var fødd og døydde i Bergen.

Etter eksamen arbeidde ho ved Bergens Museum i Bergen i tre år med både museumsarbeid og som feltarkeolog på vegner av professor Johannes (Johs.) Bøe, og var elles knytt til dette museet, men hadde aldri fast arkeologisk stilling. Ho gifta seg med arkeologen Per Fett rett før andre verdskrigen, fekk med tida fire born, og gjorde mykje av sitt arkeologiske arbeid «attmed kjøkkenbenken». Forskinga hennar hadde særleg å gjere med busetting i ymse lokalsamfunn over eit tidsspenn frå eldre steinalder til vikingtida, og ho har skrive bidrag til fleire bygdebøker over heile Vestlandet om dette emnet. Saman med ektemannen som bidragsytar skreiv ho Sydvestnorske helleristninger: Rogaland og Lista, som vart utgjeve i 1941[2].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Utgjeve i redigert versjon i Bergens museums årbok 1934. Historisk-antikvarisk rekke
  2. Stavanger museums skrifter, 1941