Evangeliets røst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Evangeliets røst - (Radio Voice of the Gospel) var ein radiostasjon i Addis Abeba i Etiopia.

Stasjonen blei oppretta i 1963 av Det Lutherske Verdensforbund, etter initiativ av misjonæren Sigurd Aske, som leia stasjonen til 1967. Han hadde to kraftige kortbølgjesendarar på 100 kW med retningsantenner som dekte store delar av Afrika og Asia. Ein mellombølgjesendar dekka nærområdet. Stasjonen sende både på engelsk og fransk og fleire afrikanske og asiatiske språk.

Nokre av programma vart utarbeidde i landa der stasjonen hadde nedslagsfelt, og sende på lydband til stasjonen for kringkasting til opphavslandet. Stasjonen hadde ein internasjonal kristen stab på 180 menn og kvinner. Den profilerte norske radio0 og TV-mannen Einar Lunde arbeidde ved stasjonen i ein to-års periode 1973-1975, under permisjon frå NRK.[1]

Etter at keisar Haile Selassie var kasta tok den militære regjeringa makta over stasjonen i 1977 utan kompensasjon til eigarane og gav stasjonen namnet Radio Voice of Revolutionary Ethiopia

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Einar Lunde: Paradisveien. Dramatiske år i Afrika.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Evangelicals in Addis Ababa (1919–1991): With Special Reference to the Ethiopian Evangelical Church Mekane Yesus and the Addis Ababa Synod By Johannes Launhardt, ISBN 3-8258-7791-4